Translate

fredag 17. juli 2015

Ta tak, så gammalt tak blir nytt tak

I dag er det duka for eit vågestykke av dei heilt store. Omtrent 16 kvaratmeter gamle takbord står ferdig opplasta på Sofie sin Ape og skal fraktast på små og store vegar 26 kilometer til sin nye tilhaldsstad. Litt redd for at skrudd panel med shingel på i staden for halvroten bølgtakpapp ikkje vil halde uønska gjester borte, men nå prøver me. Er og litt redd for at Apen kan bli noko tylten såpass topptung som den er, men ein får tilpasse farten etter forholda. Då vil det sikkert gå godt.
Opelen trygt parkert hos den formelle eigaren.  Hadde tøystykket over Apen vore svart, kunne nokon kanskje trudd at eg har konvertert. Den trehjula saunaen har bare naturleg lufting, og med den fartsvinden ein kan oppnå, blir det ganske så heitt. Den omtenktomme mannen til eigaren av Apen, breidde over for å hindre altfor mykje oppvarming medan kjøretøyet venta på sjåfør.
Sveitten renn.Snart renn det vel i augene, og då er det lite hjelp i den pedaldrivne vinduspussaren. Brunning i San Michele på Dok-en der. Apen har nok slite meir før, men unnevind, unnebakke og heimlengt hjelper lite når ein kjører mot sola. Då er det som ein kamp kvar meter Apen dreg seg ramover.
Det gjekk likevel beint fram betre enn eg hadde venta. Ikkje tørsta eg i hel, og ikkje smelta eg og rann ut gjennom dørene.  Lite vane som eg er med motorsyklar eller mopedar  fell det ikkje heilt naturleg kvar gong å finne rett gir. 
Nå er det avlessing av eit gammalt tak som er gjenfødt som nytt tak over lagerrommet her på Villa Felizia.  

Apen står klar i innkjøringa for retur, denne gongen bare med vekta av ein sjåfør, men den vekta er stor nok den. Du skal ikkje sjå bort frå at 4. giret også kan tas i bruk når det går svakt nedover. Bare det at Ceglie ligg ein god del høgdemeter over utgangspunktet her i kanten av Salento-slettene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar