Translate

fredag 28. mai 2021

Håpar det snart blir gult også på kartet



Med god hjelp av utsendt fotograf, Gaute B fekk eg endå eit høve til å skrive litt om denne for oss kjære plassen.



Det var ein Roomster som skulle stått der ved porten. Så skulle eg ha låst opp, opna og trilla dei siste metrane ned mot tunet etter å ha tilbakelagt ikkje mindre enn 2984 kilometer med tillegg av eit par timar på Fjordline sin nye båt. Overnatting langs autobahn, rask kjøring sørover i eit tempo som her heime fort ville ført til tap av førarrett for kortare eller lengre periode.
Men så enkelt er det jo ikkje. Ser ut som vår del av Italia er gul, men styresmaktene i Norge deler rundelig ut med raudt i desse dagar når dei set farge på kartet for å illustrere reiseråda. Dette viruset som i varierande grad herjar rundt heile verda, både mellom dei som ikkje trur på det i det heile, og oss som ikkje ser anna val enn å rette oss etter det styresmaktene fastset. Heilt galt kan det ikkje vera det Erna & Co held på med, for enn så lenge har vel ikkje Norge vorte så forferdelig medfaren av faranger.












Men ingen må tru at det hadde vore rein ferie og bare avslapping om me faktisk hadde vore der me helt ynskjer å vera. Oppgåver står i kø. Kalking av murar lyser som ei av dei oppgåvene me bare må ta fatt på. Huset treng nok og ein omgang, men det går sikkert greitt om me må vente ein dryg månad før me er der. Kanskje eg skal prøve å rulle på den litt tjukke melka det ser ut som ein arbeider med når ein held på med kalk. Fugene på taket treng nok og ein ny runde for å unngå at fukt trengjer inn i taket via fugene mellom taksteinane. Elles ser det ut til at Anne Marie sitt bed er i god trivnad. Gyvel, yuccapalmer, aloe vera og pelargonia  klarer seg godt trass i mangel på vatn store deler av året. 

Her er lite brannfare og lite som fører til trivsel for insekt som spreier den frykta virussjuksommen Xylella. Giulia & Giulio gjer det som trengs, men som de ser på nokre av trea så har sjukdommen satt sine spor.  Stor beskjæring vart utført våren 2017, for 4 år sidan. Etter det har tilveksten vore rett så god, så me får høyre med dei to som steller på tomta vår kva dei meiner er trongen vidare når det gjeld beskjæring.  Nabo Lina var ganske så nedslått av både Xylella og Covid19 på ei og same tid. Det er starten på verdas undergang var ho ganske så sikker på då me sist i september var i lag med henne. 
På austsida av huset vårt har me eit par vinranker. For oss som ikkje lagar vin har det så langt bare ført til druesylt. Som enkle jærbuar er det kanskje like godt med sylt som med vin?
Kjøreplanen nedover er nøye berekna for å kome fram i løpet av opningstida på Taverna di Pascalone. Eit saftig stykke biff avrunda med tiramiso må vel vera ein fin introduksjon til nokre månadar med italiensk mat. 
Min karriere på kjøkkenet starta då eg som 8 - 9åring kokte makaroni og hadde ketchup på. Har jo sett etterkvart at utvalet av god mat er ganske så gigantisk. Makaroninivået er tilbakelagt. For god tilgang på slik førsteklasses mat kunne fort føre til at eg kunne bli endå meir gigantisk enn det eg alt er.  Men tru det eller ei, Middelhavsmaten har så langt bare ført til vektpil i rett retning for min del.