Translate

tirsdag 14. januar 2014

Kjekt med gjester?


Me set stor pris på å få besøk.  Av dei som overnatta har me i kronologisk rekkjefølgje:  Anne Irene og Arnt Håvard, Knut og Helge, Bjørn, Åse Marie, Jorunn, Ingeborg, Olav Johan og Marit og til sist Sissel og Reidar. Frå ikkjeovernattande gjest, venn og meglar Guido fekk me mail i går kveld.
Denne gladmeldinga var del av denne mailen:

At least : I have a "very good new" !!!  sometime ago you had guest in the storage room outside......but not in the house!

Eg vil tru at dei ikkje har overnatta, for dei har ikkje vore inne i anna enn tilbygget der vanntanken er plassert saman med diverse småting. Om det er same folka som sist, veit eg ikkje. Om det er dei same må dei ha likt seg så godt at dei rett og slett ville tilbake.Kanskje det første me må til med når me kjem nedover er skaffe nye gassflasker. Komfyren går på gass, og me må jo ha gang på den nokså fort.
Litt tungvint med gjester som kjem utan å vere invitert. Ikkje får me by dei på verken kaffi eller noko å bite i. Dei kan ikkje ha kjent seg så veldig velkomne. 









Slik såg det ut sist me hadde gjester. Favorittgjester er dei ikkje. Korleis det ser ut nå er vanskelig å vita. Får bare vera tolmodige og satse på at litt av ugreia vert ordna opp i før me fer sørover til påske.


Me må nok vurdere om det vil vere best for oss å betale for jamnleg tilsyn med huset vårt som er så populært.  Lina, naboen vår brukar Vigil Nova, og dei virkar å vere rett så effektive. Sist sommar løyste ho sjølv ut alarmen og før det hadde gått 3 minutt var vaktselskapet på plass. Tilfeldig ja, men merking av hus kan nok gjere "gjestene" våre litt meir skeptiske til å prøve seg.

lørdag 11. januar 2014

Det går framover

Det går framover

på så mange måtar. Enn så lenge er ein norsk og bur på Vigrest, men det kjennest som ein har ei tå i det minste   innføre i Italia og.  Sidan denne bloggen tek for seg den delen av livet som vert levd i Italia, kan det vel gjerne sjå ut som om det einaste som er viktig er bare landet der sør.


Vigrestad i dag, fredag 10.01.2014
TidVarselTemp.NedbørVind
kl 9–12Skya0 – 0,1 mmFlau vind, 2 m/s frå nordaustFlau vind, 2 m/s frå nordaust
kl 12–18Regn0 – 1,6 mmFlau vind, 2 m/s frå søraustFlau vind, 2 m/s frå søraust
kl 18–24Skya0 – 0,9 mmLett bris, 4 m/s frå vest-nordvestLett bris, 4 m/s frå vest-nordvest
Latiano i dag, fredag 10.01.2014
TidVarselTemp.NedbørVind
kl 10–13Skya12°0 mmSvak vind, 2 m/s frå sør-søraustSvak vind, 2 m/s frå sør-søraust
kl 13–19Delvis skya15°0 mmSvak vind, 4 m/s frå sør-sørvestSvak vind, 4 m/s frå sør-sørvest
kl 19–1Skya11°0 mmFlau vind, 2 m/s frå sørvestFlau vind, 2 m/s frå sørvest
At overdrive er ei pent, sa min oldefar A.P. Heskestad i si tid. Ein skal nok ikkje overdrive forskjellen i temperatur her på sør-vest kysten av vintermilde Norge og hælen av Italia. Men som du ser, er forskjellen pr. dags dato på omtrent 10°. Ikkje så mykje, men absolutt merkbart vil eg tru.



Sol og måne Vigrestad, 10.01.2014
SolMåne
Soloppgang 09:20Månen opp 12:18
Solnedgang 16:09Månen ned 05:01



Sol og måne Latiano, 10.01.2014
SolMåne
Soloppgang 07:12Månen opp 12:28
Solnedgang 16:41Månen ned 03:04
Det som kanskje er endå meir ulikt er talet på timar med sollys pr dag. Dryge to og ein halv time kvar der ein kunne sleppe å ty til Lyse Energi for å sjå handa framfor seg hadde sikkert vore fint.

Sesongen som endå ligg ganske langt framfor oss, kjem til å by på følgjande:
Fastmontert aircondition/varmepumpe er langt oppe på lista.



Tak over deler av uteplassen er og mellom det me kan tenkje oss. Ford Ka, gammal modell har lenge av mange 2 vore karakterisert som retardert. 


Huset vårt er mest i same kategori når me ser det frå vegen. 


Me må liksom heilt inn på tunet før det ser ut slik det er; KJEMPEKOSELEG. Eit tak som og vil gje skugge på heite sommardagar tenkjer me vil vere ein pluss for utsjånaden. For meg sjølv har eg vel helst gitt opp. Så lenge eg held ut å helse på meg sjølv i spegelen på morgonen får eg halde ut, men for villaen sin del tenkjer det gjer ikkje noko om nytteverdi kan kombinerast med det estetiske.  Ein annan fordel er at me ikkje treng parasoll.

Med litt muring og snekring av noko som kan halde taket oppe, bør det bli ganske så fint. Takplater er alt som så langt er bestemt.. Hjelp frå snekkerkyndig svoger må til skal eg  klare å finne dimensjonar på reisverk som tåler snølasta me kan rekne med taket må klare å bære.