Translate

fredag 28. desember 2018

For mykje av det gode er endå betre.

Eg reknar med de har hug til å få vita meir om alle mandlane frå Puglia, dei fleste av dykk i alle fall.  Konkurransen i førre blogg vart avgjort på målstreken. Heile to stk deltok, og det er ein auke på 200 % frå i fjor om kvar person skal reknast for 100 %. Rett nok var det første gong slik konkurranse vart skipa til, men bare sånn hypotetisk, dersom  eg hadde kome på den glupe ideen sist år.  Terje og Asgeir hadde fylgje mest heit til rett linje, men Asgeir drog av med sigeren. Høgtideleg premieoverrekking i Helmikhølen. Glitter og stas er aldri fjas. Mandel med ekte trekk av sølv vart overlevert til verdig vinnar. Sidan nummer to kom så tett på vanka det trøystepremie på han.  Fri tilgang på frisk vatn frå borebrønnen på Cda Coltura, så lenge bare pumpene går. Ilåd må han halde sjølv, men det er jo det sildrande klare vatnet som er premien. Eg treng vel eigentleg ikkje føye til at Målfrid og Terje alt har forsynt seg av premien lenge før Terje kom i mål som god nummer to, men det er dei vel unt. Me har det vatnet me treng når bare ikkje det er for lite eller for mykje straum til pumpene. Alle skjønar at for lite straum er det lite hjelp i. Nyttar lite med for mykje og, for då går det som det gjekk her i førstninga av oktober då Tor var så sinna og buldra grov i målet,  slo med hammaren så gneistane spruta. Ein gneist lurte seg heilt til botnar ned i boreholet for brønnvatnet og la pumpemotoren død.  
Sidan me ikkje brukar å ha graut midt på dagen her i huset, må me finne andre måtar å ordne med mandel i grauten.  Går ganske godt med mandel i riskremen og. I det kremen skulle på bordet kom spørsmålet: Har de hatt mandel i kremen? Nei. Ned i kjellaren med Hadi og opp kom der 2 mandler ganske så fort. Eg skålda raskt i kokande vatn og fekk lurt den vesle kvite oppi riskremen før kremen hamna på bordet. Sjølvsagt drap Helge eit kvart tilløp til spenning. Alt i første munnfull sat han med noko større enn riskorn i munnen. Me andre måtte bare slukøyra sjå at mandelpremien den gjekk til andre enn oss. Ei lita stund etterpå sat han med endå ei mandel i munnen. Slik er det når det framleis står kilovis i ein kasse i kjellaren og ventar på å bli påskemarsipan og eventuelle kransekaker til bryllaup og andre store familiehendingar. Men eg la bare ei mandel i grauten, kor kom den andre frå. Når to hypereffektive legg seg i selen samstundes, blir sidesynet fort nokså fråverande. Samstundes med mi gryteskolding tok Anne Marie den litt raskare varianten skolding i mikrobølgeomnen. Utan at eg såg det plasserte ho og mandel i riskremen, truleg før eg fekk mi mandel på plass. Det heile kan vel ikkje tilskrivast anna enn at me har for mange mandlar å halde styr på?
Framleis god mandeljul!

 Fer eg ikkje mykje feil kan det bli god mandelpåske 
og utan at me må hauste og knekke på ny.

mandag 3. desember 2018

Dette va smikkloeye

I ei aen ti laerte eg aa skriva utan æ, ø og å. Tastatur her nede på Euronics hadde verken ae, oe eller aa. Faar bruke det ein faar tak i. Fjernskrivaroperatoeren fraa ei anna tid vakna liksom til live att.  Det var ferdighetane til fru Nilsen som skaffa meg plass som fjernskrivaroperatoer i FO, Forsvarets overkomando,  Daa kjem litt av treninga derifraa til nytte att.

  •  Eg har vore paa Leroy Merlin Mesagne og Zizzi Latiano, men ingen av dei hadde koppartraad i rett dimensjon. Saa vart det til at eg proevde paa ein liten ferramente i San Michele. Dei kom med isolert antennekabel, men behovet mitt var annleis. Filo di rame hadde eg funne ut det heitte det eg hadde bruk for. På TIM-butikken i San Michele hadde dei rette koppartråden, men først etter visning av mange ulike dimensjonar av antennekabel vart eg og seljaren samde om kva eg var ute etter. 

Då eg reiste heim frå San Michele den kvelden hadde eg selskap av ein kveil koppartråd i ein dimensjon eg trur  er perfekt til formålet. 12 meter til ein pris av Euro 7,5 pr meter. Ikkje at det var ein upris heller, men eg kan betre forstå at nokre ser syn på å gjere seg til tjuv for å skaffe seg koppartråd for omsetjing på den svarte marknaden.
Det var denne masta som fanga lynet i haustferien. Nå går det ingen antennekabel derifrå og ned til det elektriske opplegget inni huset vårt. Masta har blitt arbeisledig som antennemast, har fått nye oppgåver, nå som gnistfangar, og då snakker me ikkje om smågnister akkurat. 
Kopparkabelen vart festa til stålrøyret så godt eg kunne med tilgjengelige hjelpemiddel.  Hadde sett for meg ein slags kabelsko, men ei slangeklemme får duge inntil vidare.
Som amatør kunne eg vel fort tenkt at får eg bare tak på gnisten til Mjølne, så får det vera nok.  Men så er der vel lite hjelp i runde på runde oppe på taket, nei ned til "messa a terra" må energien.  
Ein visp til drill kan vera brukande til så mangt. Enden av kopparkabelen vart vikla rundt stålvispen  og gravd ned i jorda. Ikkje så djupt rett nok, men langt nok ned til at bakkekontakten er skikkeleg oppretta. 
Så er spørsmålet mitt til den observante lesar: 

Kor mykje av denne teksten er skrive på internasjonalt tastatur i stova i Villa Felicia, og kva er skrive i på Pc i Helmikhølen 5 etter ankomst Vigrestad?

Kopier heile den første setningen du trur er skrive etter at eg kom heim att til Vigrestad og send svar på mail til Geir Hausken  saman med din eigen postadresse. 
15. desember trekker eg premien som er 2 stk mandel, den eine frå eiga avling. Den er ferdig skolda og klar for bruk i julegrauten. 
Den andre mandelen er kanskje meir fornem. Har fått klednad av ekte sølv og ser rett så staseleg ut. 
Den har fått drakta på ved Mucci sjokoladefabrikk Andria.
Guiden på sjokoladefabrikkmuseet sa at det fins to typar edelmetall som kroppen tåler, sølv og gull. Premien er dekka med sølv, og går under namnet Queen Elisabeth.

Eg har før kokt suppe på ein spiker meir enn ein gong. Nå ser eg ikkje bort frå at det kan bli suppe på ei sølvforgylt mandel (ein god venn har fortalt meg at det heiter forsølva, og då må eg nok bøye meg i respekt for det)  om ikkje så lenge når skrivelysten blir uimotståelig.