Translate

fredag 28. desember 2018

For mykje av det gode er endå betre.

Eg reknar med de har hug til å få vita meir om alle mandlane frå Puglia, dei fleste av dykk i alle fall.  Konkurransen i førre blogg vart avgjort på målstreken. Heile to stk deltok, og det er ein auke på 200 % frå i fjor om kvar person skal reknast for 100 %. Rett nok var det første gong slik konkurranse vart skipa til, men bare sånn hypotetisk, dersom  eg hadde kome på den glupe ideen sist år.  Terje og Asgeir hadde fylgje mest heit til rett linje, men Asgeir drog av med sigeren. Høgtideleg premieoverrekking i Helmikhølen. Glitter og stas er aldri fjas. Mandel med ekte trekk av sølv vart overlevert til verdig vinnar. Sidan nummer to kom så tett på vanka det trøystepremie på han.  Fri tilgang på frisk vatn frå borebrønnen på Cda Coltura, så lenge bare pumpene går. Ilåd må han halde sjølv, men det er jo det sildrande klare vatnet som er premien. Eg treng vel eigentleg ikkje føye til at Målfrid og Terje alt har forsynt seg av premien lenge før Terje kom i mål som god nummer to, men det er dei vel unt. Me har det vatnet me treng når bare ikkje det er for lite eller for mykje straum til pumpene. Alle skjønar at for lite straum er det lite hjelp i. Nyttar lite med for mykje og, for då går det som det gjekk her i førstninga av oktober då Tor var så sinna og buldra grov i målet,  slo med hammaren så gneistane spruta. Ein gneist lurte seg heilt til botnar ned i boreholet for brønnvatnet og la pumpemotoren død.  
Sidan me ikkje brukar å ha graut midt på dagen her i huset, må me finne andre måtar å ordne med mandel i grauten.  Går ganske godt med mandel i riskremen og. I det kremen skulle på bordet kom spørsmålet: Har de hatt mandel i kremen? Nei. Ned i kjellaren med Hadi og opp kom der 2 mandler ganske så fort. Eg skålda raskt i kokande vatn og fekk lurt den vesle kvite oppi riskremen før kremen hamna på bordet. Sjølvsagt drap Helge eit kvart tilløp til spenning. Alt i første munnfull sat han med noko større enn riskorn i munnen. Me andre måtte bare slukøyra sjå at mandelpremien den gjekk til andre enn oss. Ei lita stund etterpå sat han med endå ei mandel i munnen. Slik er det når det framleis står kilovis i ein kasse i kjellaren og ventar på å bli påskemarsipan og eventuelle kransekaker til bryllaup og andre store familiehendingar. Men eg la bare ei mandel i grauten, kor kom den andre frå. Når to hypereffektive legg seg i selen samstundes, blir sidesynet fort nokså fråverande. Samstundes med mi gryteskolding tok Anne Marie den litt raskare varianten skolding i mikrobølgeomnen. Utan at eg såg det plasserte ho og mandel i riskremen, truleg før eg fekk mi mandel på plass. Det heile kan vel ikkje tilskrivast anna enn at me har for mange mandlar å halde styr på?
Framleis god mandeljul!

 Fer eg ikkje mykje feil kan det bli god mandelpåske 
og utan at me må hauste og knekke på ny.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar