Translate

tirsdag 24. oktober 2017

Fin skyss til toppen av Vesuv

Der kom jammen regnet. Nok til å bli blaut om ein vil, men heller ikkje meir. Det rumlar av torever langt i det fjerne. På slettelandet her er det ofte slik. Tor råkjører med vogna over himmelen og slår me hammaren så gneistane fyk, men ikkje plent slik at ein er midt i veret.
Her er rydda og klart på den måten.  Soverom for gjester er stappfullt, og for å sleppe å stable i høgda, så er stova også teken i bruk. Her er stolar nok til mange gjester. 12 stk kunne fått sitt eige sete, det er utemøbler som blir innemøbler som er grunn til det.
Anne Marie for heimover sist tysdag. Etter det har det bare blitt småputling på meg. Litt rydding i veden.

Fullstendig nedskjering av bambusen. Trur naboen må ha blitt sjenert av alle fiskestengene, for ein av kveldane då me kom heim hadde dei sett fyr . Eg som er ganske møsen når det gjeld lauseld syns nok dei kunne sagt frå på skikkeleg vis om det var til bry for dei med så mange fiskestongemne like inntil deira olivenlund.
Alltid litt småplukk som bør ordnas slik før ei heimreis. Merkelig mest at det same skjer ved kvar avreise, ikkje heilt det same då, men nye ting. Nytt som treng litt flikking eller ettersyn. Puss, puss, ikkje slik puss som fører til suss, men puss som glattar ut litt der gammal murpuss fell av.  På verandataket som Tor Sveinung sette opp, har eg seinare lagt på bølgeplater av bitumen. Då vart det hol på hol på hol på hol der fuglane kraup inn for å lage reir. Egentlig skulle det ikkje vera så farlig heller, men nå er kvart hol blokkert med ei skrue. Då vart det flyttfuglar av dei, sjølv om dei kanskje slett ikkje er det. Gekkoane får bare halde på under same tak. Dei er festlige å studere der dei kryp opp og ned på veggen når kvelden har kome på.

Å reka rundt i nærområdet er framleis spennande. Me hadde ærend hos dei Birkeland, og då stoppa me litt i Cisternino. Ein rett koseleg by der det er gjort mykje ut av det å pynte med blomar.



Når Anne Marie hadde fått nok, for ho nordover att. Rett skal no vera rett, nok hadde ho vel ikkje fått verken av meg eller Puglia. Men jobben kallar. I den digitale verda kan me følgje med kvarandre kor me til ei kvar tid er. I går ettermiddag til dømes, då såg eg at ho var på Ogna skule, lokalisert i brakker ved sida av Vigrestad storskule.  Eg såg og at Knut stod på Flesland og venta på at flyet skulle ta han vidare til Sola.
Sjå der er eg oppe alt. Står der og myser og ventar på dagslyset. Det som skal gjerast, er for det meste gjort. Og dette går ein med på heilt friviljug? Når så låsing av døra heime vart litt trøblete, så fekk eg jammen melding på mobilen før Anne Marie tok kontakt på Messenger. Trur me fann ut av det, for då Knut kome heime seinare på natta, då var det ingen , verken Hadi eller Anne Marie som vart vekte av alarm på ville vegar.

Korleis ein vil definera nærområdet, er nå opp til ein sjølv. Strengt tatt er vel 36 mil ikkje innafor, men for meg som gladelig kjører Vigrestad - Latiano fleire gonger i året med bare dei aller nødvendigaste pausane, så er det NÆRområde. 
Eg kjørte Dacia innafor mitt nærområde. Om det er innbilning veit eg ikkje, men eg syns eg kunne kjenne at det eigentlig var ein gammal Renault inni den ein eller annan stad.  Den var ikkje så stødig som det eg er vane med både på Skoda og Iveco.
Glad for at eg slapp å trø opp dei 1000 metrane frå utgagnspunktet nede ved havet. 
Finare skyss enn denne opp til Vesuv kan ein vel knappast få. Den vekkjer minner om søndagstur med familien Austbø ein gong tidleg på 60-talet. I ein blå variant av denne, utan vindauge i varerommet, med lause benker bak, var me på tur til Giljastølen. Vegen ned til Frafjord var ikkje bygd, bare såvidt starta på.
Vesuv kallar både det eine og det andre. Det må vere lov å seie at denne var ganske spesiell. Je ska spikre surfbrett på sløyden.............
Det er nokre år sidan nå at Pompei vart dekka av vulkansk oske. Greiare når det bare er dis som dekker byen.
Heilt på kanten av krateret kom eg. 1170 meter over havet, der eg forflytta meg for eigen maskin kanskje dei siste 200 metrane. Det er mektig å sjå, sjølv om det ikkje er så mykje liv i vulkanen akkurat her.
Litt ser ein då likevel av at der er noko som skjer under overflata. 
Det er vel helst vassdamp, men fascinerande å få med seg er det.
Vigrestad - Varhaug er mellom 7 og 8 kilometer langt. Eg prøver å få ein tur kvar dag til fots. 14 kilometer er ein fin rundtur. Alt går anten gjennom eller langs olivenlundar. Det bør bli litt olje av trea på plantasjen over. 
Hos oss er det noko magrare, men meir skal ein ikkje venta. Den radikale beskjæringa som vart gjort i påsken, tok gunnlaget bort frå olivenhausting denne sesongen. Litt vart det nå, og dei tre olivenbæra på biletet under fann eg på siste inspeksjonsrunden her på tomta. Ganske store var dei, større enn det eg har sett før her. Lovar godt for komande år, når trea får bruke krefter på å setje bær og ikkje bare brukar krefter på greiner som strekkjer seg mot sky, men lite ber av grøde.
Det er på tide å avslutte. Går alt etter planen landar eg på Sola 22:25. Då er det 27 døgn til neste Pugliaekspedisjon. Billetten er klar. Skodaen er klar for nye nærområdeekspedisjonar. Så spørs det om eg er klar.




torsdag 12. oktober 2017

KAKTIS og litt attåt

Fruktfat rett ut av døra.
I år manglar det ikkje mykje når det gjeld mandelhausten. Her er mengder større enn det me når over. Fekk litt hjelp sist lørdag. Då tok vinden såpass tak og rista greinene slik at mykje fall ned og lett kunne haustas.
Men me kan ikkje dra på både turka fruktkjøt og skal, så trass tilgang på nøtteknekkar vil knekkesjefen helst bruke ei lita grop i muren for å få mandelen til å liggje stødig og rett veg. Det er nemlig slik at skal du knekke mandler utan å knuse sjølve mandelen, så har det noko å seie korleis mandelen ligg klar for knekking. 
Fekk gang att på motorsaga. Ny bensin, ny kjedeolje og sikkert litt kjærlig pleie oppe på verkstaden i San Michele var det som skulle til.  Alle greinene frå radikal beskjæring av oliventrea nå i vår må kappas. Så blir det god ved av det. Så kompakt og tett og oljerik som den veden er, skal det godt gjerast å finna maken.
Litt smått for ogen i stova, den som fekk nytt liv i form av ny pipe. Heldig med den forresten. Den der varmevekslaren stal nok ikkje lite av trekken. I tillegg kom falsk trekklangs heile det korroderte pipeløpet.
Me har jo to ognar. Forno a legna svel unna på dei pinnane som er for lange for stoveogen. 
Etter økter med vedkapping og mandelknekking er det godt med kaffi og noko attåt. Fico d'India ber frukt så det er ein lyst. Er ein heldig, får ein fjerna alle stikkertane på skalet når ein reinskar frukta. Ein måtte sikkert vere fryktelig forkjøla om ein skulle ha nytte av stikkertane til å reinske opp ned gjennom halsen.
 Så er det bare å setje seg ned litt og la andre arbeide.
Fruktkjøtet av katurfiken hamna i ismaskinen. Etter ein halvtime der, kunne me nyte.
Han som har vore så treig til å få avgarde til frisør, agerte frisør sjølv.  Dei lange lokkene på eit av trea like ved huset måtte vekk før dei når bakken. Då var det den vesle snedne batteridrivne motorsaga som måtte til. Frisørsaksa var ikkje vaksen nok for den oppgåva.
  Halvtimen gjekk den.  
KAKTIS
Så vart det kveld, og der i vest spela fargane opp. Måtte beint fram opp på taket for å få det med meg.