Translate

torsdag 12. oktober 2017

KAKTIS og litt attåt

Fruktfat rett ut av døra.
I år manglar det ikkje mykje når det gjeld mandelhausten. Her er mengder større enn det me når over. Fekk litt hjelp sist lørdag. Då tok vinden såpass tak og rista greinene slik at mykje fall ned og lett kunne haustas.
Men me kan ikkje dra på både turka fruktkjøt og skal, så trass tilgang på nøtteknekkar vil knekkesjefen helst bruke ei lita grop i muren for å få mandelen til å liggje stødig og rett veg. Det er nemlig slik at skal du knekke mandler utan å knuse sjølve mandelen, så har det noko å seie korleis mandelen ligg klar for knekking. 
Fekk gang att på motorsaga. Ny bensin, ny kjedeolje og sikkert litt kjærlig pleie oppe på verkstaden i San Michele var det som skulle til.  Alle greinene frå radikal beskjæring av oliventrea nå i vår må kappas. Så blir det god ved av det. Så kompakt og tett og oljerik som den veden er, skal det godt gjerast å finna maken.
Litt smått for ogen i stova, den som fekk nytt liv i form av ny pipe. Heldig med den forresten. Den der varmevekslaren stal nok ikkje lite av trekken. I tillegg kom falsk trekklangs heile det korroderte pipeløpet.
Me har jo to ognar. Forno a legna svel unna på dei pinnane som er for lange for stoveogen. 
Etter økter med vedkapping og mandelknekking er det godt med kaffi og noko attåt. Fico d'India ber frukt så det er ein lyst. Er ein heldig, får ein fjerna alle stikkertane på skalet når ein reinskar frukta. Ein måtte sikkert vere fryktelig forkjøla om ein skulle ha nytte av stikkertane til å reinske opp ned gjennom halsen.
 Så er det bare å setje seg ned litt og la andre arbeide.
Fruktkjøtet av katurfiken hamna i ismaskinen. Etter ein halvtime der, kunne me nyte.
Han som har vore så treig til å få avgarde til frisør, agerte frisør sjølv.  Dei lange lokkene på eit av trea like ved huset måtte vekk før dei når bakken. Då var det den vesle snedne batteridrivne motorsaga som måtte til. Frisørsaksa var ikkje vaksen nok for den oppgåva.
  Halvtimen gjekk den.  
KAKTIS
Så vart det kveld, og der i vest spela fargane opp. Måtte beint fram opp på taket for å få det med meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar