Translate

søndag 2. august 2020

Betre med reisefeber enn coronafeber

Gode vibrasjonar ved synet av noko så enkelt som dette. Huset står, og det er jo godt å vite når ein nærmr seg tida for å reise dit. VigilNova, vaktselskapet me nyttar oss av har stadfesta at at ser greitt ut . Det vil då bare enkelt seie at ingen tobeinte tuligar har prøvd å kome seg inn i huset vårt. 13. mars var siste gong nokon var innlåst der, og ahr det stått så lenge står det vel i fred til sist i august når me fer nedover. Gode venner har vore forbi og tatt bilete slik at me med eigne auge an sjå at alt er vel. 
Ser litt stusslig ut med engletrompeten, men me får glede oss over at den stadig er i live. Kanskje liten sjanse for at den blømer innan midten av oktober, men kanskje kanskje.....
Me får bu oss på fluer i hopetal. Flaska til høgre i biletet har vore til god hjelp tidlegare når det gjeld å halde talet på innpåslitne flygande vesen nede. Kan fort kjenne seg som "Lord of the flies" når det summer av hundrevis av fluer nedi flaska. Hundrevis a insekt som har latt seg lokka av godlukt, og ikkje funne vegen att ut i det fri. Både røyrleggar, smed og elektrikar som har vore innom hos oss har sjekka ut kva slag vidunderremedier desse flaskene er. Me har 4 stk av dei strategisk plassert rundt huset.
Kapersplanten ser også ut å vera i beste stand. Er jo ekstra spennande å med alt som veks. Eit par tre 10-liters kanner med olivenolje av eigen avling sår og ventar på skyss til Norge. Det er olje frå førre året. Haustinga kjem seinare i november og desember og då er det Julia & Julio som tek seg av det. Det er same paret som kom til Italia frå Albania for 19 år sidan, som  horvar under oliventreet for å hindre tilvekst av høgt tett gras eller med reine ord ugras. Godt å ha funne folk me kan lite på og som ser kva som er nødvendig å få gjort. 

Elles blir det vel som med ungane som tel ned til jul. Bare det at her blir det jul, jebursdag og alt anna bra på ein dag. I dag er det akkurat 4 veker att til avreise. Så får me håpe det ikkje skjer noko oppblomstring av corona, verken her eller der. 
Føljetongen om vaskemaskinen som ikkje vil, har fått eit nytt kapittel. Stabilizzatore er visst namnet på remediet som skal jamne ut spennninga på straumen. 

Blir spennande å sjå om det fungerer som tenkt. Meggie er satt på saka, elektrikar er kopla inn. Når me bare kjem oss nedover så skal Sharp Lavatricio vera klar etter mest eit halvår på vent på lageret hos Azzarito Expert i San Michele, likeeins stabilitsator for straumtilførsel. Fekk lest meg litt opp på kvifor behovet kunne oppstå. Linjestrekk litt utanfor allfarveg kunne vere ein av grunnane og huset vårt ligg jo ikkje akkurat midt i tettbygde strok.