Translate

onsdag 28. august 2019

Rome in rain

Denne gongen tenkte me å ta oss eit par dagar ekstra i Roma på veg ned mot vårt kjære Pugliaradis. Hotell er ordna like ved Termini, hovudjernbanestasjonen i Roma. 
Me hadde skaffa oss oversikt over kvar me kunne leige el-syklar og tenkte oss på tur langs Via Appia Antica.
Så er det nå slik at vermeldingar, det fins det faktisk ganske mange av. Yr, IlMeteo og AccuWeather er dei mest brukte her i huset. Greitt å vite kva ver ein har i vente, og det var neimen ikkje småtteri som vart lova. IlMeteo stiller med bøtter og spann og fortel oss at det i løpet av mandagen, som liksom skulle vere sykkeldagen vår, i løpet av den dagen vart det lova ikkje mindre enn 43,8 mm nedbør.

Tiberen ville fått godt påfyll kan du sei.

Fontana di Trevi ville noko gå som vanlig med kaskadar av vatn. I tillegg ville det nok vera væte ovante i rikelege mengder.

Tips for aktivitetar i Roma når det regnar, er å oppsøke Pantheon og få med seg regnet som fell gjennom holet i taket og ned på marmorgolvet.  Kunne blitt ein fin video det. Ikkje drypp, drypp, drypp,  heller dryppedidrypp dryppedidrypp dryppedidrypp.

Rådslaging i heimen har ført til endring av togbillettane frå Roma til Brindisi. Sjølvbetjening på nett fiksa den biffen. Då fer me vidare frå Roma på mandag i staden for tysdag. Hotellet blir rett nok dobbelt så dyrt, sidan me alt har betalt for å få rimeligast mulig og likevel akseptabel overnatting.

I Brindisi blir me møtt av limousin (tøyer begrepet litt) som fraktar oss dit bilen vår er å finna. 

Her har nok kameraet i satelitten Google brukar tatt bilete ein gong når Roomsteren har vore i bruk. 
Då me var nede i juli nemnde Pascalone at han ville sjekke batteriet før me kjem tilbake. Trur ikkje det er noko problem, for batteriet er nokså nytt og så kraftig som det kan vera i ein liten bil som vår.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar