Translate

torsdag 5. september 2019

Puglia pensjonist

Då eg jobba som lærar i Honningsvåg var det ein liten førsteklassing som truande med knyttneven hytta mot meg, og spurte om eg ville sjå Honningsvåg frå lufta. På søndag fekk me sjå Vigrestad frå lufta, men situasjonen elles var ikkje slik som i Nordkapp. Me var bare i gang med  Anne Marie sin første tur til Puglia som pensjonist.
Dette var det siste me såg av Vigrest før pilotane tok oss utover Nordsjøen med kurs for Schiphol. Vel landa i Nederland og ønskt velkommen av Telenor til å bruke samarbeidande nett i Nederland,  kunne me cruise vidare mot gate for Roma. Me rakk ein stopp for mat på den ferda. Kom til Roma heilt i rute. Leonardo Da Vinci ekspressen tok oss inn til sentrum av byen. Me såg ikkje noko til det varsla regnet, men vasspyttar avslørte at metereologane ikkje var heilt på bærtur.
Skikkeleg hyggelig kar i resepsjonen på Hotel Pisa, men han undrast fælt på gjestene som sjekka ut nesten før dei hadde sjekka inn. Rommet var lite, i kjelllaren, men likevel heilt ok. Aircondition på veggen gjorde sitt for å halde kjellarluft unna. Badet var mikroskopisk, hadde det vore mindre trur eg knapt eg hadde fått plass der inne.
Me tok oss ein tur ut på søndagskvelden, men etter ein heil reisedag er det litt begrensa kva ein orkar. Finaste objekt i denne blomsterhandlen kan du bare gisse deg til kva eg syns er. Forresten trur eg ikkje den er til salgs.
Me hadde oss mat i to omgangar på same stad. Først pasta på veg ut på tur. Det smakte særs godt, så då var me rett og slett så kjedelige at me hadde ein stopp der før me tok kvelden på hotellet. Det var slik ei lett stemning mellom kelnerane. Smittar for over på gjestene det. Salto in bocca alla Romana. Salto er nok same ordet som me har i salto, då kan ein tenkje seg mat som gjer salto i munnen pga av at det er så godt.
God mat, hyggelige kelnerar og overmåte morosamt doskilt.
Eg kan ganske mykje, men å ta gode selfiar treng eg visst meir øving for å få til.
Bak kvar ei vellukka kvinne står det ein stor mann. Han her er verkelig stor både i figur og i kunnskap om god mat.
Jeann og Linda har vorte eit begrep for oss. Har møtt dei hos Meggie, men har også hatt dei på besøk hos oss. Var forresten dei som kjøpte Apen til Sofie. Den lever visst i beste velgående.
Medan me sat der kom søster av Jeann med mann, dattar og mannen hennar pluss endå eit par. Festlig med slikt lag. Kanskje me ser meir til dei? Heile gjengen kjem forresten frå Belgia.
Tilbake på eigedommen vår prøver me å finne ut kva naturen kan by på dette året. Litt druer var her. Nokså små og med steinar i så dei er travle å eta.
Anne Marie hausta nok til druemarmelade, så får ein sjå kva det blir til med heimtransport.
Om me hadde mange mandler i fjor å styre med, så kan du seie me kan slappe ganske så godt av for det i år. Dette er heile hausten frå nære på 50 tre.  Kan nok kome til å blir ganske stor haust neste år.
Kaktusfiken er nære på eit ugras om ein ikkje tøyler plantene. Men fine er dei og skikkeleg velsmakande frukter har dei og. Ein må bare vera forsiktig så ein ikkje utset seg for piggane både på blada og fruktene. Me har ikkje prøvd, men her lokalt er det nokre som dypper fruktene i litt tjukk kalk og så legg frukta til tørk. Det blir vel som ei slags forsegling, og så skal ein kunne ta fram frukt og fjerne kalkinnpakninga seinare. 
Måtte bare ha med dette til sist. Lidl klarte seg ikkje i Norge, men her i Italia ser dei ut til å gjera god forretning. Me har ein Lidl butikk 6 -7 kilometer herifrå. Dei har ofte noko spennande i eit par lange reolar for nonfood. Lyskjelder av ulike slag, ofte drivne av solenergi er mellom det er ein kan finne der. Ganske godt lys gav dei, blir mest Mansion of Hausken med slikt i inngangspartiet. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar