Translate

lørdag 7. september 2019

Ein dryg halvtime vatning

Nok vatn for ei stund.
I dag kan du sei det var ikkje nødvendig å ta turen innom dusjen før evt bad. Dusjinga kunne naturen sjølv ta seg av på dei 15 - 20 metrane ned til bassenget.
Merkelig korleis det kan hølje ned i ein halvtime eller så, før det stilnar av og ein bare ser vatn som har samla seg i pyttar rundt alle stader. Jorda her inneheld mykje leire. Av den grunn er bakken lite lek, det byggjer seg ganske fort opp små dammar der terrenget er litt lågare.  2 smågutar drukna faktisk bare eit par hundre meter herfrå i ein slik dam, men då regna det nok i meir enn ein dryg halvtime. Det er reist ei minnestøtte etter dramaet for rundt 100 år sidan.
Som lukka var kom nedbøren kun i væskeform. Hagl på storleik med klinkekuler som dei nettopp hadde litt lenger nord, det slapp me. Eg reknar med at naturlig vatning av olivenlunden er av det gode, i allefall så lenge ikkje det blir skade på dei umogne olivenbæra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar