Translate

fredag 19. juli 2013

Ei veke går fort for fort

Ei veke går fort, altfor fort. Ikkje meir enn eg har henta gjestene på flyplassen,så har eg jamman avlevert dei og. At det gjekk fort tydar på at det har vore gildt. Dette var nemlig slike gjester ein skulle ynskje ikkje ville gå. Det var som eit heilt crew for organisering av fest var komen til husar. Ikkje bare det, skikkeleg koselege gjester kvar og ein av dei.

God norsk mat vart stelt i stand av rutinerte hender. Norsk røykelaks, norsk røykt aure, spekeskinke, salami, fårepølse, reisdyrpølse, flatbrød frå Vigrest, ein fantastisk salat med vannmelon var bestilt hos Sofie, (ho som held orden på Livar til vanleg), eggerøre av kortreiste egg frå Livar sin hønsefarm, foccacia frå forno a legna, marinerte småpoteter og ikkje minst ekte rømmegraut frå Varhaug. (Fjordland)
Eg har sikkert gløymt eitt og anna slik som sursild, tomatsild og brunost. Men det gjer ikkje noko, for det vart attgløymt i kjøleskapet og kom aldri så langt som til bordet. Me får glede oss over det sjølv når me først har frakta det med oss hit.

Underteikna har gjort mykje for fyrste gong. Me kjenner jo sitatet for førte gang for første gang det giver mang en småting rang. Geir syngjande karaoke på restaurant, har nokon høyrt om det før?
Love, love, love var debutsangen. Skal eg leggje til at me var einaste gjestene akkurat då? Nei, eg syns ikkje det er nødvendig.
Utanom feiring av perlebryllup fekk gjestene med seg Ceglie Messapica, Ostuni, Lecce, Alberobello og Martina Franca. Av andre attraksjonar kan nemnast Auchan og IperCoop Brindisi.
Marked i Ceglie var suksess. Sjølv fekk eg kjøpt mine første tåsandalar. Ikkje kva som helst altså, dei hadde eit lite italiensk flag på og då passa dei meg ekstra godt. Ny pengetaske i ekte marokkansk plast fekk eg og tak i. Kortbukse med prøverom på fortauet, dei som kom forbi fekk bare snu seg vekk tenkte eg om dei vart plaga av å sjå ein middelaldrande velfødd nordmann i onnikken. Buksa vart kjøpt den, og sidan har eg budd i den. Den eg hadde med heimefrå måtte pensjonerast. Eit digert hol tvert over kneet vart for drygt sjølv for meg.

I går reiste Anne Marie heim på grunn av alvorleg sjukdom i familien. Når gjestene, Marit, Olav Johan, Åse Marie, Bjørn, Jorunn og Ingeborg reiste i dag vart eg putt aleine. Planlagt aleine opphald er ok. Det same vil eg ikkje seie om situasjonen akkurat nå. Skulle gjerne ha planlagt alt, men kan hende er det best at me ikkje kan ta styring på alt sjølv.

Med gjestene vel avlevert på Aeroporto Brindisi Salentino sette eg meg føre å få ordne nokre praktiske saker. Pensjoniststolen vår, poltrone marone vil ikkje opp i oppreist posisjon lenger. Eg la den over på magen og fann ut at treramma under var grunnen til problemet. Tok nokre bilete og fann fram kvittering. På butikken var det lite spørsmål anna enn at dei ville kome for å sjå. Med den uvisse som gjeld pr nå om vidare opphald vart det til eg bad dei ringe første veka i august. 
Neste punkt på fikselista var Per-Camper. Å kjøre bubil på småvegane mellom olivenlundane er meir enn ei utfordring. I fjor auka den utvendige dekoren ganske så merkbart. Proff boning tok heldigvis det verste. Nå har eg lært, og har unngått kjøring med bubilen så langt som råd er. Men så skjedde jo det som måtte skje. Bilen er så og seie heilt på topp, endåtil service har den fått. Men så må eg flytte den for å gje plass til ein lastebil med 3 kubikk sand. Under eit tre som dessverre ikkje er høgt nok, høyrer eg knaselydar frå taket. Lukkeligvis var det bare eit endedeksel for markisen og det er det dekselet eg skal til Per-Camper for å få.


Sliping av eit par ekstar nøklar til ny hengelås på porten tok eg i Ceglie, faktisk der låsen vart kjøpt i oktober ifjor. 
Mellom alt det andre har vaskemaskinen gått ein del rundar i dag. Alt av sengeklede er reint og tørt. Det kjem vel med for i morgon får eg nytt innrykk av gjester. Sissel og Reidar kjem med fly til Bari via Riga. Dei skal hentas der 18:00. Halvannan time tek det å reise dit. Kanskje eg tek ein dag som turist på strekninga San Vito Bari. 
Då trur eg det er tid for kveldsbad/nattbad. Bassenget er nå oppe i 29 grader. Truleg på tide å kople frå soloppvarminga, blir sikkert meir bakterieaktivitet når temperturen stig.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar