Translate

tirsdag 2. juli 2013

Bil opp og basseng i mente, kor lenge skal me vente?

Det er ny dag, ny veke og endåtil ny månad. Etter planen første heile månad her i Villa Felizia. Nokre dagar nå sidan sist me onsdag rulla innn framfor huset vårt i Puglia. Me hadde akkurat hatt eit utriveleg møte med slitebanen til eit lastebildekk. Då visste me ikkje kva bry det ville føre med seg.
Observasjonsevnen like i det noko skjer kan tydeligvis vera nokså redusert. Me slapp unna med ein kraftig smell. Me trudde det der og då. Seinare har det jo vist seg at ørlitegrann meir var det. 

Vips var skiltet vekk. I staden ein glassfiberskade på bak-
stussen  verdt ganske mange Euro og sikkert endå fleire Kroner.

Det sprakk i møtet med restane av eit utslite lastebildekk.

Baklyset heng såvidt med på turen vidare
Nummerskiltet var vekke. Bakskjermen eller baklysrampen var knekt. Høgre baklys heng og sleng, blinklys er tilbake i tidlegare tilstand, ryggelys funkar ikkje og av den grunn heller ikkje ryggekamera som får straum frå ryggelyset. Skal nok bli skikk på det, men for å få det til må eg tilbake til Poggibonsi.Heldigvis er det nå gjort avtale med Eurodue som skal feilsøke vidare på det elektriske i bilen. Eg kan ikkje anna tru enn at dei klarer å finne feilen, spørsmålet er bare kor lang tid og kanskje og kva det til slutt vil koste. Anne Marie skal framleis hentas på Aeroporto Salentino i Brindisi seint laurdag kveld. I bagasjen har Anne Marie med seg nye skilt til bilen. Når eit skilt bare blir borte er det visst det som er prosedyren. Nå blir det RZ kva nå det står for.

I går tok me endeleg til med montering av det nye bassenget. Eg visste det var stort, men at det var så stort hadde eg ikkje trudd. 


Med ein diameter på 5,49 m og høgde på kanten på 1,22 m blir det ein del liter som skal gjennom pumpa. Godt å ha eige og godt vatn. Etter 17 timar er det rundt 20 cm att å fylle opp. Sandfilter og soloppvarming skal i drift så fort som råd er. Bassenget er ikkje meint til pynt, heller ikkje lokkemat for eventuelle bassengtjuvar. Det skal brukast til vederkvegande aktivitet dag som natt.

Dagen for henting av bil er komen. Gjekk fort for seg på torsdag, men karane som var på bilhandel måtte innfinne seg med at å fikse alt på EIN dag, det er ikkje mulig hos Zito Auto San Michele. Sikkert ikkje andre stader heller der dei sel bilar. Francesco baud på kopp etter kopp med espresso då me var der. 


Kva serum han hadde oppi vet eg ikkje, men me kom oss ikkje derfrå før avtale om handel var gjort. Olje og filterservice vart avtala. Det er det som er grunnen til at me ikkje får bilen før i dag.  

Opel Corsa 2010 modell med drift både framme og bok, nei drift på både gass og bensin var det. Ser de etter på logoen ser de at den var blankpussa til tusen for eigaren som melde seg.  Der resevehjulet høyrer heime låg det ein gasstank tilpassa holet. Full automatikk på skifte mellom bensindrift og gassdrift. Kan ein vente anna enn å punktere på veg heim att til Villa Felizia. Vi tru det ligg med eit sett for naudreparasjon, men det gløymde eg å sjå etter.

Jomfrubadet er unnagjort. Ikkje særleg varmt, men 23 grader er nok når badelysten er stor nok. Eg trur me skal bli tilfreds med dette bassenget, så får me bare håpe ingen andre set større pris på det enn oss. 24000 liter må tappast ut først, deretter er det ein halvdags pakkejobb med resten av utstyret. Skimmer og pumpe ser så langt ut til å fungere. Me hadde ein tur opp til San Vito nå i kveld og då me kom tilbake var det fritt for både insekt og blad frå oliventrea rundt bassenget. Før pumpa vart sett i gang brukte eg hov til å samle rusk og der var sannelig ikkje lite av det heller.

Guido meglaren var innom i forbifarten i går. Altfor dyr bil å ha ståande for å bli stolen. Du skulle hatt ein slik som min sa han. Ein eldgammal Saxo (Citroen) er det han køyrer rundt i på veg frå eine oppdraget til det andre. Meir ennn 500 bør ikkje tjuvpakket få med seg. Tonen vart nok anna då eg kunne fortelje at eg hadde avtale med Taverna di Pascalone om å parkere hos dei når me ikkje er her. Guido kunne og fortelje at søknad om tilbygg var ferdigbehandla og godkjent. Litt småpuss for arkitekten, så der må me gjerne inn med siste eventuelle endringar + litt meir opplysingar rundt detaljar. Me har det godt. Ikkje meir å seie om den saka.

Ein eller annan gong blir det sikkert litt feriekjensle og, men om det har vore lite av slikt så langt, så trur eg nok roen vil senke seg etter kvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar