Translate

søndag 11. august 2013

Når EINASTE dotter skal giftas bort, då skal ingenting mankere.

søndag, 11. august 2013
Det vart litt omanidom her. Badeturen til det Ioniske hav skulle kome før bryllupet, men av ukjende grunnar vart det som dette.

Eg tek ikkje mål av meg til å gje noko fullstendig omtale av det som skjedde i går. Daniela fekk sin Cosimo (Mino). Seremonien i kyrkja var mykje annleis enn me er vane med heimefrå. Helst langdrygt og med veldig tett luft inne i kyrkja. Etter fleire månadar utan regn, kom sjølvsagt regnet den dagen ein helst vil sleppe det. Ikkje for det, regnet førte med seg at temperaturen gjekk ned til omtrent 25 grader, og det er til leva med. 


Etter sjølve vigslinga tok dei norske ein liten stopp i villaen vår. Litt drikke for tørste gjester kunne kome vel med.
Etter brunning bar det vidare til Le Torri der festen vart halden. For ein fest og for ein plass.  
Brudeparet let vente på seg der og, men så endelig høyrde me ei brumming nedi vegen.  Maseratien svinga opp framfor hovudinngangen, alle gjestene vart skyssa inn der det var duka til fest, brudeparet skulle geleidas inn i festsalen med stil.

Ikkje vanskeleg å skjøne at folk kan klare mange rettar, for mellom kvar rett var det dans til musikk med eit lydnivå som kunne sprenge trommehinnene på dei om sat nærast høgtalarane. 
Danseløva Geir kunne ikkje la sjansen gå frå seg til å få første dans med brura etter at brudgommen hadde starta ballet. 
Du ser han Livar idet han har fata brura frå danseløva.

Men sanneleg min hatt, der var der ein varhaugsbu som ikkje kunne sjå på slikt. Der stakk han av med brura rett framfor nasen min og eg enda opp med ei like fin ei, bare litt annleis.


Dei likar seg visst best på andre sida av kamera: Tanja og faren Clemente

Me sat på bord med Clemente, bror av far til brura, kona hans Angela og dottera Tanja som er politi (carabieneri) i Padova. Enn så stolt faren var over dottera som nokså nylig var ferdigutdanna politi.
Festen som starta kl 14:30 vart for vår del runda av kl 22. 

Då var bryllupskaka servert, me hadde fått bytta gaver.  I Italia er det visst slik at gjester gir stort sett pengar. Beløp tilsvarande kuvertpris er forventa. Me hadde med oss ein liten figur i Willow tree serien med eit par som tydeleg set pris på kvarandre. I byte fekk me ei lita pynteklokka av tufo, steinen dei brukar til både husbygging og muring elles. Ein slag kalkstein som kan sagast i.

Pakking og rydding light i dag. Anne Marie dreg med fly frå Brindisi om halvannan time. Så er her att litt rydding for min del for i morgon. I dag tek eg meg ut til Matera.  Blir litt vel stussleg å bare bli sitjande her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar