Translate

søndag 3. august 2014

Oppbrudd?


Det vert litt oppbruddsstemning etterkvart som huset og plassen tømest for folk. Sjølv har eg akkurat att ei veke, men fru Anne Marie dreg i dag, frå Brindisi via Roma og Paris.
Eg tenkte akkurat på det, tenk om ein kunne starte sommaren på ny? Tenk om Knut og Helge skulle kome hit på tysdag. Utan fotballkamp i dag for Helge. Det kunne vore gildt det.  På tomta har det skjedd eitt og anna i løpet av dei 7 vekene eg har fått høve til å vere her. Alle oliventrea så nær som eitt er flikka og pussa på. Bare eitt i så stor grad som biletet syner, men Clemente har skore såpass at han meiner det skal bli oliven å hauste neste år. Inneverande år har all krafta gått til greiner og lauvverk.



Kjøkkenhagen vart fresa då eg kom i starten av juni.  Nå før heimreise har eg tatt til med flatene opp mot vegen. Dvs, på eine sida er det så lite av ugras at der får jorda ligge i fred. På sida mot nabo Lina er 2/3 ferdig. Skal nok nå over resten og før mi heimreise tek til om ei veke.



I går kveld måtte me ha oss ein tur til Daniela og Mino. Eit slikt vidunder som Lorenzo må me ha med oss.  5 veker gammal nå, trivs og veks. Bare velstand.


På vegen til Viale Andrej Sakharov passerte me dette festpynta kjøretøyet.

Krom og sløyfer i hopetal. Kven har vel før sett ein Scania pynta for bryllupstransport?  Då Daniela og Mino gift eg i fjor, kjørte dei Maserati.  Nå sit dei der, ferdig etablert familie. Kor mange born tru dette ekteparet sit med om eitt år? Skal det stå i stil med kjøretøyet må det bli ein heil flokk. 


Me hadde oss ein Brindisitur i går kveld. For meg er det mest som eit rituale. Det var i Brindisi Pugliaeventyret tok til. Det er ein by det kjennest godt å vera i. L'experience var staden, og forretten var i grunnen hovudretten. Mix av sjømat, mest blekksprut i diverse variantar servert på skal frå kamskjell dandert på ei seng av grøn salat. Velsmakande, det må eg ha lov å seie som har vore der 5 eller 6 gonger denne sommaren. Me hadde bord like innafor staden der piratar i eigendefinert teneste for miljøet hadde lagt til kai.

Hadde sjefen på denne farkosten her vist seg, trur meg mest eg måtte teke tilflukt på L'experience sin do. Då hadde eg fått fred. Kunne lett fått fred ganske lenge og. Dørlåsar a'la dette er ganske vanlege i Italia. Dodørslåsen i Giottilinee er faktisk og av denne typen. I bubilen låser eg aldri dodøra. På restaurant er det meir nødvendig å låse, og der stod eg her eine kvelden på bytur med Reidar. Umulig å få opp frå innsida. Risting i døra måtte til for å tilkalle hjelp. Så vart døra opna frå utsida og dei syns visst ikkje det høyrde med til suksessfaktorane for plassen dei to som opna. Men Paul Watson kunne eg sluppe unna ganske så lenge, om eg hadde gjentatt innlåsing frå Brindisi-kvelden med førre gjest.



Båten såg forresten tøff nok ut den. Haugevis med folk både på kaien og ombord. Det var omvisning ombord for dei som ville det.



Eg bare lurer litt på korleis verda ville bli dersom alle laga seg sine eine reglar og ikkje bare levde etter dei sjølv, men og handheva dei i forhold til andre. 
Blir det heilt feil å sei at det vil føre til eit demokratisk underskot?


Ferske fiken i hopetal. Anne Marie har lenge lurt på om mogninga av fiken ville gå fort nok til at ho kan få teste heimtransport av ferske fiken. 

Ferskplukka frå "Edens hage" i dag.  Lagt litt på kjøl, deretter sirlig på rekke og rad i pakkemaskin for å vakumerast.


Til sist innpakka i bobleplast med varleg hand. 
Kven skal fristas av friske frukter i morgon?


Slike sirlige plastinnpakka saker er vel normalt av stor interesse for tollarane. Her får dei seg bare ei søt, paradisisk oppleving om dei opnar for nærare sjekk.

Episode ein (Helge og Knut), to (Tor Sveinung og Mona), tre (Anne Marie), fire (Eva og Asgeir) og fem (Reidar) er over for denne gong. Siste episode (Geir) kjem nå, denne veka. Eg skal prøve å rekkje over litt av det som står att av gjeremål her på eigedommen i løpet av komande veke. Nå gjer det forsåvidt ikkje noko om eitkvart blir att ugjort heller. Det kjem haustferie der eg kan ta opp att det som  er starta på og ikkje fullført.    




2 kommentarer:

  1. Du skriver så fint om L'experience uten å si hvor den ligger. For en som må kjøre med GPS er det ikke lett når restauranten ikke står på maskinen. Og ikke på Tripadvisor.

    SvarSlett
  2. L'experience ligg ved hamna i Brindisi, like ved Cafe Betty. Dei har faktisk same kjøkken.

    SvarSlett