At eg skulle bli ein slags bonde og drive med maskinstasjon, det er meir enn eg skulle trudd om meg sjølv. Nå veit eg jo at skal ein drive skikkeleg som bonde, så må der meir til enn den innsats eg legg for dagen her på våre 7 1/2 mål tomt sør i Italia, nærare sagt Puglia. Gateadresse "Casa a strada senza nome" som dei skriv på kvitteringa når me betalar for vakthald til The Rangers. Å lage rampe for å få inn Hondaen som driv klippeaggregatet er ikkje noko problem. Tenkte nok eg måtte demontere for å få inn i bilen, men den kjørte like fint inn i Id7 som den tidlegare har gjort i Kodiaq. Bare litt justering av handtaket så gjekk det heile fint.
Planen var at gjesterommet skulle bli okkupert av venner i 10 - 12 dagar. Streik i Lufthansa, prishopp på drivstoff til fly og sjukdom i nær famile hos gjestene førte til endring i planar. Nå har dei turen hit til gode. Likefullt blir rommet dei skulle hatt pussa opp. Einaste rommet i huset der taket flassar. Veggene og for den del. Pascalone frå Taverna di Pascalone stilte med mann som ville ta på seg arbeidet, Rocco heitte han. Han gav eit tilbod og nokre dagar etter kom han i lag med eit par arbeidskarar som skulle gjere sjølve jobben. Pussing og maling innandørs i tillegg til pussing av ein del av ytterveggen inn mot soverommet. Me håpar det held. Dette var etter pussing. Til sist fekk det eit strøk maling, så nå ser det ganske fint ut.
Basseng må ein ha. Ein del styr med å få det montert og ikkje minst for å fylle i dei 26000 litrane vatn det rømer. Solmatter til oppvarming om temperaturen skal bli slik at eg eg ser syn på å dyppe lekamen i væta. Her er ein del koplingar som skal halde tett. Eine solmatta fekk ein sprekk, så den måtte koplast frå. Er eg heldig klarer eg å lappe. Om ikkje så kan du seie den eine matta som held tett vart akkurat dobbelt så dyr. At det hjelper er ganske sikkert. Ein av dagane når det var full sol heile dagen auka temperaturen med 4 grader. Kalde netter gjer at det fort blir 3 gr opp om dagen og så ned 2 gr i løpet av natta. Då tek det ein del soldagar før behagelig badetemperatur er oppnådd.

Lita snor kan laga mykje trøbbel. Å løfte maskinen inn i bilen aleine er meir enn eg kan klare. Då vart det pause i arbeidet til startsnora hadde blitt fiksa. Og eg måtte halde gang i Hondaen til den hadde tatt seg inn att i bilen.










Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar