Ikkje like lett å få alt rett når det skal gå fort. Eg fekk det med meg at det var i Roomsteren me inntok autobahn. Fekk du det med deg? Kanskje ikkje ut frå mine lite nøye opplysningar i førre innlegg. Skulle rydde litt i gardsrommet før avgang til Risavika. Hadi flytta ferdig pakka Yeti, eg skulle setje nytømt Roomster på plass framfor garasjen. Då hadde den gule fare gått over. Ein rask tur ned til Hårr og heim att avgjorde. Turtall opp mot 6000 o/m, ingen lugging , bare haugevis med normalitet. Ompakking nummer TO denne dagen og så trilla me avgårde. Lite ante me kva eventyr som venta på Autobahn.
Ingen pass sjekk ved innsjekk på Bergensfjord. Ingen vellomstkomite i Hirtshals. Heller ingen sjekk ved grenseovergang til Tyskland. Frå Tyskland til Danmark stod det i motgående to kjørefelt fleire kilometer lang kø av folk som skulle godtgjere at dei var verdige til å kome inn i Danmark. Kan det ha noko med Inger Støjberg å gjere?
Vel, vegen låg framfor oss og Roomsteren støya seg vidare sørover.
Etter overnatting hos Metzgerei Lamm i Geiselwind med god svevn var me klar for sundagstrafikk mot München og vidare til Forlimpopoli der neste overnatt var tinga.
Men så skjedde det som eg aldri før har opplevd på Autobahn. Første biltur av det slaget var i 1983 på bryllupsreise. Seinare kan du sei det har blitt fleire slike turar i høg fart gjennom Tyskland. Men som sagt aldri før har eg vore ute for liknande. Ein mørk Mercedes, type stasjonsvogn smatt inn like framfor oss. Skulle kanskje ha bremsa for å halde passande avstand, men der begynte det å blinke i ei lystavle bak på bilen. POLIZEI i raude bokstavar på svært bakgrunn. Etter litt kom det opp meir tekst: STOP, like raudt som det andre. Forstod jo at dei ville ha oss til å stoppe. Måtte bare følgje til ei avkjøring der polizistane svinga inn. Ut av bilen med oss. Fram med alle dokument på både på folk og kjøretøy. Alt innhald i Hadi sin korthaldar vært nøye granska, også inngangs kort for treningssenter i Stavanger. Hanskerom vært sjekka og så var det tur for bagasjen. Kor er din koffert vart Hadi spurt om. Ut med kofferten og beskjed om å opne den. Men her er ikkje klede for ei veke i Italia var kommentaren. Heilt rett. Hadi ville kjøpe nye klede nå i påsken og når me prøver å gjere reisa i lufta rimeleg, er det bare småkoffert som får bli med. Akkurat nå sit eg på IPERCOOP og bloggar medan Anne Marie og Hadi trålar butikkar på jakt etter klede som Dell i smak. Eg trur nok han har tankar om å ta seg bra ut for jente heime når han gjer utvalet.
Medan me endå stod der på avkjøring frå Autobahn vart den potensielt skuldige spurt om han hadde pistol. Nei, var det sjølvsagte svaret. Kva hadde skjedd om eg på tull hadde sagt: Keine Waffen, aber ein sehr grosse Bombe in Auto.
Eg skjønar behovet for kontroll, men at sakeslause personar skal bli plukka ut på null andre indikasjonar enn utsjånad det har eg problem med å forstå. Ok, bilen var norskregistrert, men trudde ikkje det var ein nasjonalitet tysk politi var spesielt på utkikk etter.
Dee
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar