Translate

mandag 27. november 2017

Pingle eller pyse

Ikkje fyse å ta på hydrofoiltur når sjøen går kvit. Sjekka vermeldingane i går, og det såg ut til å bli ein del vind. 
Bestemte meg likevel for å gi det ein sjanse. Reiste tidleg frå Catania for å unngå den tette bytrafikken. 
Bak denne døra stod bilen trygt medan eg beinflaug Catania.





Fekk beskjed av han i resepsjonen i går kveld at eg kunne ta ned tinga i bilen, låse opp den elektrisk doble porten som eg skulle ut gjennom, og så ta turen opp 2 etasjar og leggje nøklane att på disken. Og ganske rett, då eg kom ned att for å kjøre ut, då var porten automatisk lukka igjen att og der sat eg. Nå hadde eg ikkje lenger nøklar til å kome meg inn att på rommet, og nøkkel for å opne den automatiske porten dei låg på disken oppe i 2. etasje bak låst dør. 

Første som kom inn døra i porten hadde ikkje mulighet til å opne. Så kom det eit par, ho ville hjelpe så gjerne hjelpe og mannen prøvde, men fekk det ikkje til. Etterkvart kom det nokon i bil og skulle inn, og då var eg snar om å smette ut medan porten var open. 
Kjøreruta som GPSen teikna opp var faktisk ikkje så ille. Når byen heller ikkje hadde vakna heilt til live litt over 7 på morgonkvisten, så var det slett ikkje ille å kome seg opp til Autostrada per Messina. 
Om enn trafikken er tett, så er det smidig og på eit vis. Men ein skal ha hovudet med seg heile tida. Ville nå forresten sett merkelig ut om ein hadde lagt hovudet att heime.  Italienarar er faktisk veldig gode til å ta hensyn i trafikken. Det meste går godt, når ein bare har blikkkontakt med dei andre som ferdast på vegen.

Uroen min for sjø vart stadfesta når brenningane mot land gjekk kvite utover frå Messina til Milazzo.
Turen enda for min del når ho i billetttluka ikkje kunne sei om båten ville gå eingong. Dei som skjønar seg på sjø, ser lett at eg skjønar meg ikkje på sjø. 

Då har det seg faktisk slik at eg sit her i stova i Villa Felizia og lurer på om eg er både pingle og pyse. 

Frå barndommen sine turar til Finnøy for å besøke farmor og farfar hugsar eg at Ekspressen var ikkje god når det kom litt bølgjer. 
Så i staden for Stromboli vart det altså heimtur av det. Får ta den turen ut til vulkanøya ein annan gong.

Som erstatning for historien om Stromboli  tek eg litt vindusshopping. Likar fryktelig dårlig å shoppe inne i butikkar, anna enn når eg faktisk skal ha noko. Trur det må vera takka vere far sitt forhold til folk som bare skulle sjå utan å kjøpe. Det høyrer iallefall til i min barnelærdom at skal eg ikkje ha noko, så har eg lite ein butikk å gjera. Utruleg kor godt det sit i. 
Eg kjenner ein som er veldig glad i rødt, spesielt når det gjeld sko,  men denne kunne vel og passe for han.
Me har etterkvart ei stor samling julekrybber i heimen. Varianten her, "beachparty" har eg ikkje sett før.
Her var eg faktisk inne. Våga ikkje anna etter myndig tale heimefrå.  Handla gjorde eg og. Fekk tilbod om gavepapir på kvar ting, men det vart bare ein gråpapirpose. Det får bli førjulskos.
Gløymer aldri kollegaen som hadde med seg 17 par sko frå personaltur til Praha. Gjer så godt eg kan med oppdatering når det gjeld litt spesielle trendar.
Stoccafisso, litt frå Færøyane og litt frå Norge. Handla ikkje med meg noko, men innehavar smilte godt då eg sa "io sono norvegese".


Neste gong vil eg og mor vera med sa Hadi på linje heimefrå. Kommunikasjonsmessig har ting utvikla seg enormt på dei 5 åra me har hatt dette huset vårt her i Latiano. Eg måtte avgarde i bil for å kunne snakke med Anne Marie heime. Skulle eg laste opp blogg måtte eg gjere det på eit av dei store kjøpesentra der dei alt då hadde fri Wi-Fi. Nå kan ein snakke ubegrensa anten via Messenger eller ved hjelp av vanlig mobil. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar