Translate

tirsdag 5. desember 2017

Det beste av alt

Er det ikkje slik at ein  får oppfylt eit ynskje om ein finn staden der regnbuen startar eller sluttar?
Her i Puglia får ein oppfylt rett så mange ynskje. Her kan vera surt og kaldt på denne tida, ja, men varmt på ein måte likevel. Og så mengder av lys. Godt for lys og varmehungrige som meg.
I løpet av dei to vekene eg har halde meg her sør har temperaturen tatt turen frå 22 - 23 i starten og heilt ned til under null på morgonkvisten nå på slutten. Kontrastar.


Tre ganger tre er lik jul?

Akkurat no er det jula som stundar til, som heime. Folk er travle. På eit av dei store sentera, Auchan, var der så mykje folk sundagskvelden at eg har aldri sett maken. Sjølv er eg i grunnen vaksinert mot slik julegalskap frå barnsbein av. Eg vaks jo opp med sirkuset ganske så tett på. Først når dørene på butikken vart stengt på julaftan var det ein meir eller mindre utmatta far som kunne setje seg ned og prøve å hæse.
I Brindisi er det bygt ei ny kyrkje i løpet av dei siste 5 åra. No er kyrkja ferdig og eg fekk sjanse til å kome inn i den.

 Det var noko gjese i benkeradene. Eg trur det skulle vera eit arrangement seinare den sundagskvelden.
Eg hugsar juleutstillingane til Øglend på Sandnes. For ein liten gut som meg var det til å ovundrast på kva dei kunne få til. Animasjon får dei til nå og, men då oftast på ein flat skjerm. Alle desse små installasjonane hadde figurar som gjorde eit eller anna. Ein sette brød inn i forno a lagna, ein lessa høy på ei kjerre, i fullt arbeid var dei alle som ein. 
Nokre dagar tidlegare let eg meg lokka av ein kvernkall som sveiv rundt på grunn av forrektigt vatn. Ein nisse sit og passar på at alt går rett føre seg. Såpass bling at det er moro.
Her langs fortauet er trea pynta til jul. Naturlig pynt. Appesintre. Fekk mest lyst til å gå på appelsinslang midt på lyse dagen.
Ein tur innom hos Ubaldo og Palma må til skal Pugliaopphaldet blir komplett. Dei bur i blokk, men høgt der oppe i toppetasjen har dei like god utsikt som det me har heime, kanskje betre.
 Smaka godt dette, ørlitegrann meir salt kanskje.
Palma kan kunsten å kokkelere. Mest som ein vitskap, så tryllar ho fram dei mest varierte rettar og alltid av lokalt råstoff. Stolthet over råvarer fra Puglia kjenneteiknar hennar kjøkken.
 
Blomar i mengdevis. Lange trimturar i november og desembersol. Får satse på at opplagra energi varer lenge. Innsatsen har iallefall vore på topp. Har i snitt litt over 10 kilometer pr dag, beste eller lengste trimtur vart på 19 kilometer. Reknar med å melde overgang til tredemølle når eg kjem heim.
Eitt og to og tre besøk her blir det fort i løpet av eit par  veker. I morgon parkerer eg bilen innfor murane der Meggie og Pascalone bur. Litt uvanlig å ikkje vite kva tid eg kjem tilbake hit, men tida går og ein får kankjse ta det litt rolegare når det gjeld frekvens og lengde på besøka hit ned.

Gildt å sjå at ølseidelen i tinn har fått nytt bruksområde. Opphaveleg høyrde den heime i Vikedal hos Anne Marie sine foreldre. Så vart den gave til vertskapet på Taverna di Pascalone fylt til kanten med Twist.

Så får retta blikket framover. Me har bare hatt gilde besøk her i Villa Felizia. Kven vil vera våre gjester til sommaren? Kan henda einkvan kjenner for reprise?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar