Slik såg det ut det bassenget som følgde med då me kjøpte vårt "casa a strada senza nome" i oktober 2012. Huset står støtt framleis, men det var ikkje mykje glede me hadde av bassenget. Einaste kosen med det er når eg tenkjer på alt bryet tjuvane må ha hatt når dei skulle transportere vekk vatnet. Pumper og alt utstyr forsvant jo sjølvsagt i same belet.
Nå som me har laga oss ein rytme med opphald i Villa Felizia frå seint i april til tidleg i juni og heimreis i juni, juli og august, blir det ganske mykje bry å ta ned og setje opp att, fylle og tømme 26000 liter vatn for så på ny å gjere klar endå ein gong for vederkvegande opphald i vatnet i september og starten av oktober. Men så var det dette med sjansen for å få behalde badet.
Dei fleste veit vel kva TEMU er, og der har eg handla. Kamera med opplading via små solpanel, det må vel vera tingen tenkte eg. Då kan eg setje det opp med varsling på bevegelse. Kan faktisk avgrense det til menneske som bevegar seg rundt bassenget. Skulle det så dukke opp nokre mistenkelige personar medan me er heime i Norge, tenkjer eg å ringe vaktselskapet og sei frå. Det tek jo litt tid å ause vatnet ut når det er ikkje mindre enn 26000 liter som skal ut før duken kan løysast frå ramma og fraktast bort. Då bør vektaren frå vaktselskapet rekke å stoppe vidare ausing av vatn.
For å vere sikker på at det heile fungerer må det testast.
Skulle kamera bli fjerna, reknar eg med det er grunn god nok til å melde til Rangers som tidlegare opererte under namnet Vigil Nova. Dei har vore raske før, så det stolar eg på skal gå bra.
På ei av reisene våre sørover vart me bedne om å ta turen innom ein børstebindar i Hjørring. Oppvaskbørste fekk me aldri med oss, men nå som oppdragsgjevaren har handfaste planar om tur sørover, tykkjer eg det passar bra å minne han om det oppdraget me ikkje fekk fullført. Adressa veit han, for børste derifrå skaffa han seg for meir enn 25 år sidan. Og den skal vera like god den dag i dag etter det eg har høyrt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar