Translate

lørdag 25. februar 2017

Solid arbeid II

Med Guido Pagliara i bakhand står det ikkje på tilgang på info. Han tok seg ein tur frå San Vito ned til Cda Coltura for å ta bilete i dagslys. Rapporterte om kor nødvendig det ville vera å reise ned for å rydde opp og reparere umiddelbart.

Eg trur fantane må ha tatt med seg jekk. Synd dei ikkje gjekk før dei la etter seg spor. Om eg skulle fått til dette skadeverket ville eg plassert ein jekk på hjørnet av skuret, så ein planke opp mot utstikket på same hjørnet. Med hjelp av hydraulikk trengs det ikkje så overvettes mykje krefter for å lyfte taket.  At rommet innafor var sikra med både dørmagnetar og infrarød sensor hadde dei tydeligvis ikkje tenkt på. Vel, skulle det bli vel stille der langt utpå landet nå til påske, så får ein i det minste hjelp til å finne på noko  å gjera. Får vel prøve å banke på plass att murblokkene og pusse over. Kanskje vinkelslipar for å lage spor til litt armering kunne vera ein ide.
Det må skarp lut til for å kom seg inn i eit hus som er nærast barrikadert, men umulig er det slett ikkje. Er vel mest eit spørsmål om tid, og då er VigilNova gode å vera venner med. 
Ei løkke av ein kjetting rundt gitteret på vindauga og andre enden av kjettingen på tilhengerkroken på ein bil. Verre er det ikkje å skaffe seg adgang, men igjen; blir bare VigilNova varsla rekk dei fram mest før eventuelle fantar har kome seg inn gjennom det gapande holet i murveggen.

Det er forresten i dette vindauga eg vil plassere eit overvakingskamera. Ikkje det at eg trur me vil finne ut kven som er så trufast på besøk, for det høyrer til mørkets gjerningar og då skal det betre utstyr til enn det nokså enkle kameraet eg har skaffa. Men utover våren kan det vera spennande å følgje med korleis ugraset veks, "minutt for minutt".

Første tanke då mailen frå VigliNova kom var mest JIPPI, nå får eg ein ekstra tur sørover. Etterkvart når Guido har vore der, sett og rapportert, ser eg at det dessverre ikkje er nødvendig. Men å framskunde den planlagde reisa kan fort koma på tale.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar