Translate

torsdag 16. februar 2017

Puglia pasqua

Då skal oss PU G LIA leikande lokka,
leikande lokka til PASQUA på ny.
Kva er det med denne hælen? 
Kva er det som er så forlokkande? 
Ein tur i arkivet gjev litt av svaret, men seier ikkje alt. 
Eg trur ein må kjenna det, vera der,  
sjå det og ikkje minst ta gode munnfullar av det.  
Cappuccino var obligatorisk når me skulle ta ut pengar 
medan me endå var kundar i Deutsche Bank.
Då høyrde sjølvsagt eit besøk på caffebar med 
når me først var på bytur.
Her skal det visst bli plommer. 
Om så skulle vera at det er noko anna, 
så er treet i allefall i fin blomstring.
Flaskehalsbørsteplante er namnet på denne planten 
direkte omsett frå engelsk. Ber namnet med rette
Akkurat dette eple var det beste eplet i verda. 
Eva gav meg det ikkje, og klokare vart eg heller ikkje, 
lite tyder på det. Men smaken drøymer eg om, kanskje epletreet vårt  kan bera frukt ein gong når me er på Contradaen.
Den som har skoa på kjenner best kor dei trykkjer. 
Den som har jakka på, kjenner best kor sitronane tyngjer. 
Med stor frimod tek me gjester med på sitronslang 
til overgrodde tun.
Bambus frå eigen avling kan brukas til meir enn fiskestenger. Turking av tomatar til dømes.  Mandler, fiken, pepperoni, melanzane (aubergine), zucchini (liknar på squash)
Kaktusfrukter av ulike slag er godt følgje til is. Det går og å bruke stavmixar og sile frå steinane for så å kjøre fruktmassen i ismaskin. Eg er glad i alt som rører seg og når magen min absolutt ikkje vil ha fløteis, då trong eg ingen orsaking for å skaffe meg ein maskin som kan lage fruktis av alle slag. Avhengig av kor lenge maskinen får arbeide blir det alt frå slush til sorbet til fruktis.
Jordbær er aldri å forakte. Her trur eg jordbæra har fått ein omgang i matmølle før dei får kjølt seg med rolig omrøring og til sist hamnar i serveringsglas. Glasa får alltid ein omgang i frysen først, slik at smeltinga ikkje startar før stasen kjem i munnen.
Grillmat er Pascalone sitt spesialområde. Utgangspunktet er godt mørna kjøt. Det er visst bortimot ei eiga vitskapleg grein å ha kontroll over kjøledøgn. Kunsten å la kjøtet steike akkurat passe kan han. Eg har aldri blitt servert noko grått tørt seigt stoff der på Tavernaen. 
Med magen full av kjøtmat kan det av og til ligge til rette 
for deling av dessert. Her tiramisu a la Meggi.

Tinnkrus frå Vikedal saman med kuler og kunstig grønt frå butikk utgjer juledekorasjon på toppen av kjøledisken der kjøtstykka ligg og ventar på å bli stykka opp i passe serveringsstykke.

Oliventre fins i alle mulige variantar. Fascinerande å sjå 
korleis røtene presser heile treet oppover. 
Oppteljing på vår eigedom gav følgjande tal: 
16 gamle oliventre (truleg meir enn 200 år) og 
28 mindre tre som er ganske store dei og.

Forsøplinga er påfallande eller påtrengjande 
stor ute mange stader ute på campagnaen. 
Godt at blomsterprakt og er å finna langs dei same grøftene.

Høg himmel på Jæren og himmel i Puglia er bare ulike uttrykk for vakker natur.  Her frå solnedgang i Latiano, Puglia.


Og tenkt, dette er bare litt av det som trekkjer, som gjer det så hugnadleg å forflytte seg sørover anten det måtte vera med bil eller fly. 
Påsken nærmar seg, og då er eg klar. Neste tur bør vere planlagt og betal før første tur startar. Sommaren er planlagt, nå er det haustferien som står først på planleggingsplanen.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar