Translate

søndag 2. desember 2012

Kor vart dei dryge to vekene av?

Flyg tida?
Dryge to veker tilbake i tid: Så herlig dette skal bli. 
Nå: Vart det herlig?  
Det er annleis å vere på ein slik plass såpass lenge heilt aleine. Det er ikkje vanskelig. Det er annleis.  
Det er ikkje vanskeleg å handle hus i Italia, der er bare annleis. 
Å køyre i Italia er slett ikkje vanskelig. Det er annleis.  
Men klart nok, det skjer ulukker her og. I går omkom ein heil familie på fire med to små barn på ein av vegne ut frå Ceglie. Det gjer inntrykk å høyre på radioen om slikt, og der fekk eg jammen sagt at såpass forstår eg. Høyrde det på radioen medan eg køyrde. På nyhetene i går kveld vart det vist frå gravferda og frå ulukkesstaden.
Utanom pakking får eg sjå til å få noko av veden under tak. Ikkje det, til påske er det vel ikkje så sikkert at ein treng vedfyring for å halde varmen. Cosimo kjem innom på føremiddagen med olje. 

Ein tur til Guido Pagliara, Immobiliare Pagliara skal eg og. Sikkert eitt eller anna med evt påbygg. Mange formalitetar som må på plass for å få eit ekstra soverom. I kveld har eg avtale om å møte Georgina og Alessandra, kollegaer frå eit tidlegare Comenius prosjekt. Dei har vore på besøk i Norge, mellom anna var me til Stjernarøyane på staden til Ivar Hidle. Ted og Toril Hovda sto for skyssen, tøff, tøff, tøff. Eg har ikkje sett dei på 7 – 8 år, så det håpar eg vert gildt. Dei var jille folk då og er det sikkert nå og.
Litt smårydding har det vorte i dag. Hadde og turen til Guido på kontoret. Han hadde fått nytt framlegg til løysing når det gjeld evt påbygg. Nå vart det slik me tenkjer oss. Papira på at me er eigarar av Contrada Coltura fekk eg og. Litt fleire tettskrivne sider enn eit norsk skjøte kan du sei. Ny rekning frå Enel. Truleg den siste som skal betalast på Tabac. Avtalen med Deutsche Bank er nok i funksjon til neste rekning kjem. 

Elles har Cosimo vore nokså tett på i dag. Han syns det er fælt med så mykje oliven som bare har blitt liggjande under trea. Guido seier at Angelo vil gjera den oppgåva, så får Cosimo bare takle eigen mangel på tolmod.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar