Translate

søndag 2. desember 2012

La Taverna di Pascalone, Via Roma Latiano


I dag er det torsdag 29. november 2012
I det eg var i ferd med å leggje meg i går kveld fekk eg telefon.
Cosimo haben mir anrufen. 
Ich habe mit meine frau an Ihre Haus zweimal gewesen.
Sind Sie zuhause Morgens am 10:30?
Ja, Ich will da sein.
I dag kom han saman med Anna. Han hadde med seg eit glass kapers og eit glas med heilt lyse tørka fiken.  Olje frå denne sesongen ville han kome med i morgon fredag.  Veldig viktig at den vart teken med til Norge, til Anne Marie.
Eg hadde gjort meg føre, rydda (ikkje at det var så mykje rot akkurat), laga Torovafler, gjort klar for kaffi, funne fram den ¼ sjokoladekaka til Edi, dekka bord med Figgjo flint.  Men så var det ikkje rett tid for mat eller så var det feil sort. Den eine av gjestene tok unna så mykje som eit halvt glas vatn, den andre var avhaldande totalt.
Kanskje litt dumt at me ikkje har fått med oss nok om Cosimo. Han vart nok nemnt av førre eigarane, men sidan me ikkje møtte han i oktober fekk me heller ikkje gjort noko avtale med han. Schade, gjentok han gong etter gong. Schade mit den Oliven.  Han kikka ut på grønsakhagen, det var han som hadde teke hand om jorda så ho skulle bli klar for planting av tomater og andre grønnsaker. Det var han som hadde sagt opp veden som ligg langs steingarden.  Eg fekk gitt beskjed om at når me nå ser korleis det heile blir med «kan hende svigerfar til dotter til meglar Guido» så får me bestemme kven me skal satse på til neste års hausting. Cosimo hadde ikkje problem med å forstå «weil wir kein Information hätte, konnte wir kein «avtale» mit er machen». Gehar, høyr. Det var det namnet mitt vart med tysk-italiensk uttale.  Til «pasqua» kjem me frå Norge, då ser me kva og korleis me skal gjera med eventuelt å gjera ny avtale om henting  av oliven for produksjon av olje.
Det var tid og tolmod til eit par timar i sola i ettermiddag. Eg likar å vere ut i god tid, så det som har vore ute i bruk har funne plass att, mesteparten i skjulet som gøymer vatntanken. Dei flotte Lidl-lampene har og hamna der. Sykkelen får ikkje fleire turar i denne omgang, heller ikkje høgtrykks-spylaren.
Ikkje skjønar eg grunnen, men heime hos oss er det mange som er glade i framandlansk mat. Nå er det vel slik at italiensk mat etter kvart er nokså heimsleg då. På Famila San Vito dei Normanni har eg funne ut at dei har godt nok utval for ein landsens mann frå Vigrestad. Eg treng ikkje å kunne velje mellom ørten ulike sortar yoghurt eller andre ferskvarer for den del.  Stracciatella, mozarella, auricchio, olive verde in salamoia, prosciutto crudo nazionale, carpaccio, parmesan, clementiner, canestrini con passata di albicooca, papillon ciliegia, cuor di latte og canestrini con passata di amarene  er dei varene eg håpar er gode nok venner til å dele plass i kofferten. Noko olje blir det visst og etter det Cosimo sa. Han meinte visst eg kunne ikkje reise tilbake utan å ha med olje frå denne hausten og frå olivenlundane her i naboskapet. Ikkje må eg gløyme smak frå vår eigedom heller.  Tomatsaus hermetisert og fylt på små flasker skal og med.

I Specchiola var det ikkje mykje folk å sjå. 


Fælt få som bada. Elles ser jo det meste likt ut bare det at her var folketomt nå, ikkje som i sommar då me fekk lauga oss og kjøle ned kroppar som måtte utstå varme heilt oppe i 41 grader. Endå nokre grader til ein kjem opp i badstuvarme, men der er ein jo ikkje meir enn ei avgrensa tid.
Eg prøvde å finne ein stad for mat i Latiano, men gav det opp. Ikkje hadde eg dress og ikkje syns eg det trengs for eit måltid ein vanleg kveld i veka. Klientellet såg ut ti å høyre heime i ei anna verd enn der eg trivs. TripAdviser fortel om ein plass i Via Roma, og der trur eg eg får prøve meg i kveld.  3 mil til Grottaglie er ikkje så fælt langt nettopp, men greitt med noko som er nærare og. Stinco på Opera hadde vore topp, det må eg vedgå. Men kanskje nokre andre og skal få sjansen til å vise kva dei kan.
Det vart nokre andre i kveld. I Latiano er det ikkje slik at det kryr av stader der ein kan mette magen. Slett ikkje mange tek så stort magemål av seg som La Pascalone  gjer på plakaten ved inngangsdøra.


Ein så anonym inngang som her har eg mest ikkje sett før. Gatenamnet lovar godt. Ut frå namnet kan ikkje Via Roma kan vera den mest avgøymde gata i byen. Det er nummerskiltet 82 som bergar meg, for her hadde aldri  eg trudd det kunne finnast ein stad som serverte mat av god standard. Vel innafor døra vart eg teken imot av fruen i huset. Mann og kone opplegg. 

Han tok seg av maten, ho tok seg av gjesten. Eg kom litt før 8 og gjekk rundt 10. At dei innfødde er seine når dei går ut, det er eg klar over.  Men 1o, og endå ingen andre gjester enn eg? Maten var her ikkje noko å seie på. Den var framifrå og i rause porsjonar. 







Ingen problem å anta same fasong som kokk eller gjest på plakaten utfor døra. Geschmakelig som dei seier i Nederland

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar