Translate

torsdag 19. juni 2014

Ei natt på Ospedale, eller to eller tre eller....

Kort sagt gjekk det fort frå Helge og Knut hadde landa i Puglia til Helge fekk seg plass på Ospedale Antonio Perrino i Brindisi.

Lokalisering var ikkje noko problem. 10 etasjar høgt og fleire hundre meter langt, liggjande langs vegen frå Brindisi til Mesagne gjer det ikkje vanskeleg å finne sjukehuset sjølv i mørket.

Han vart teken godt hand om og alt ser greitt ut nå som han har fått rett behandling. Fotballsmell med blødning i nyre er ikkje å spøke med ubehandla, men med kompetente legar, ultralyd og MR vart diagnosen stilla nokså raskt.  Kl 03 natt til onsdag kunne eg dra "heim" til Villa Felizia der Knut alt hadde fått installert seg.  Dei late dagane og nettene i Puglia hadde starta for mine 2 eldste søner, om enn på litt ulikt vis. Knut var såvidt inne på tanke om å ta Helge sin plass i senga slik at han kunne få seg litt mat og drikke. Blødninga i nyra krev fullstendig ro i seng og null mat og drikke anna enn gjennom slange i armen. Den ultimate latskap kan du sei. Treng ikkje eingong lyfte mat og drikke til munnen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar