Translate

tirsdag 24. juni 2014

Matkunst i Martina Franca

Merkelige greier dette her, men det er jo om livet i Puglia dette og. I går kveld då me la oss var beskjeden at Helge skulle flys heim frå Brindisi i dag. Når klokka vart såpass som 11 utan noko meir beskjed om oppmøte på flyplassen, ringde Helge  via Skype. Var me forvirra frå før, vart me ikkje mindre forvirra nå. Utskriven frå sjukehuset i går. Ny verson i dag er transport heimover pr. ambulanse først til Napoli. Etter 367 km i bil er planen over på fly på båre. Gardermoen neste stopp. Der vert det omlasting for Sola. Og så får han nokre dagar under mors venger før han må vidare til Florø.


Då trur og håpar eg denne delen av Puglia-opphaldet er over for denne gong, den delen med sjukdom, skade og opphald på Ospidale.  I dag har termometeret tatt seg ein tur oppover. Søyla har vist 35 på det meste, og det er absolutt nok. Inne var det oppe i 28 grader og det er ikkje så heilt gale det. Varmepumpa får prøve seg på kjøling i ettermiddag. Den har ikkje vore kjørt i det modus tidlegare. Kan vera greitt å sjå kor stor del av huset som får glede av dei velsigna kjølige luftstraumane.

God mat er alltid godt. God mat smakar i tillegg ekstra godt i godt lag.  Me  samla oss ein grepa god gjeng rundt bordet på Il Baretto i via Via Sant'Eligio 10 Martina Franca. Hummar er ikkje det verste som fins. Når han kjem i følgje med pasta og ein aldeles fantastisk smaksrik saus, då er det ikkje vanskeleg å få hummaren til å symje i munnen. Antipastien var forresten her sjeldan på den måten at her var ikkje så mykje, men det som var var framifrå godt. Det hender ein vert stappmett alt etter forrettane. Her vart smaksløkane skikkeleg pirra utan at magen var metta. God plass til hovudretten.
Crepes susette vart laga til under oppsyn av gjestene. Smør, sukker, sitronsaft og cognac fekk eit oppkok over open flamme. Dei flortynne pannekakene fekk bada i dette oppkoket, flambert til sist før servering til dei av oss gjester som ikkje syntes me var heilt ferdige for kvelden. Gode kvelden og truleg goda nåttå. 
Før me for heimefrå sette eg i gang luftkjøling i stova. Stilte inn på 24 grader. Ville testa om det kunne hjelpa på soveromma med luftkjøling plassert i stova. Det er tydeleg kaldare enn på bada, dvs det er hjelp i å kjøle ned stovelufta dersom det skulle bli for heitt slik at ein ikkje får sova til natta.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar