Translate

torsdag 26. juni 2014

Tankar ved eit plommetre

Plommetreet har venta på hausting heilt sidan eg kom hit av alle dagar fredag den trettande. Nå er ikkje overtru det eg kavar mest med etter eiga meining, men me slår jo fort ein vits om akkurat den dagen. På flyplassen i Baria manglar Desk 13 på utsjekken. Mulig at talsystemet her er annleis enn heime, men det er bare i Bari eg lagt merke til at talrekkja er ......9, 10, 11, 12,  14,  15,  16, .........

Eg har alt hausta eit par kilo tidegare, men pga lite pektin i plommene og lite erfaring frå mi side vart det første oppkoket av syltetøy altfor flytande. Nå derimot har eg tenkt å pøse på med sukker. Stivelse heimefrå i pose er bare heilt CERTO. Nå skal det bli skikkeleg.

Under haustinga vart eg beint fram litt filosofisk. Eg såg på greinene. Nokre bøyer seg mot marka, andre strevar til vers, som kan dei ikkje bli høge nok. Kva greiner bar mest frukt? Var det dei som streba oppover så bladverket mest flagra og vibrerte eller var det dei som audmjukt bøygde seg mot jorda? Greina med mest frukt bøygde nakken, ho bar ei tung bør som etterkvart skal bli til glede på brødskiver og i kornblandingar for gjester og husfolk her i Villa Felizia.

 Stige må til om ein skal få med alt. Det som fall ned får liggja.


Vel nede av treet vart pommene fordelt i posar på 1 kg. I alt vart det vegd opp 9,5 kilo. Det skulle bli 14 kilo ferdig syltetøy.


Her går ikkje plommene rett i gryta. Dei har seg ein tur i frysaren først. Mor gjorde det alltid slik og det mor gjere kan ein svært ofte kopiere med vellukka resultat. Det har seg slik at når bæra er frosne kan ein ha dei rett i kokande vatn. Då glir skalet av så lett som bare det. 

Eg måtte hjelpe plommene vidare herifrå. Når dei får kjølt seg godt nok ned, blir det koking av syltetøy, men det får bli ein annan dag. 

Idag reiser Knut og eg og pasienten vert att her i lag ein dag til. For Knut har denne ferien blitt ganske annleis enn tenkt, men dei er jo brødre.

2 kommentarer:

  1. Den italienske varianten av Certo heter Fruttapec.

    SvarSlett
  2. Det høyrest bare så mykje betre ut med "heilt CERTO". I syltet er det heilt "CERTO" godt nok med Fruttapec. Lettare å finna CERTO i hylene heime enn å finne noko ein ikkje veit namnet på i hyllene på Famila, Doc, Auchan eller Ipercoop.

    SvarSlett