Translate

mandag 23. juni 2014

Alt har ein ende

Me har ettervart funne ut kvar den er heisknappen som fører oss opp til 10. etasje. Ikkje for det, me har faktisk gått trappa dei fleste gongene.

Dei fekk det høgt og vidt dei som hamna her oppe. Lufta inne på rommet har vore friske som høgfjellsluft. Absolutt ikkje innestengt, friskt og godt, høgt og flott.










I det mest heilt paddeflate landskapet får ein god oversikt anten ein tek trappa eller heisen heilt til topps.  Heile Brindisi by for våre føter.

Etter tre dagar med fôring gjennom slange og nål, har han endelig nådd eit lite må.  Mat, mat på fat, smak kjem visst noko lenger bak. Fiskepinnar gleid ned på høgkant, som skulle det vera finaste mat frå beste restaurant.
Men alt har sin ende. I dag vil dei visst ikkje ha han der lenger. Ospedale Antonio Perrinio skyssar han heim, heim til Villa Felizia. Nå må han nøye seg med broder og fader sin omsorg. Han må ta til takke med normal restaurantmat eller heimemat om me orkar å bryte ut av latskapen.
Me orka i går.
Bettys Bar er ein fin stad å besøke når ein er i Brindisi. Ikkje plent det heilt store på mat, men abslutt godt nok. Plasseringa er vel det beste. Ned ved hamna der hamnepromenaden går like forbi. 
Så kan ein nyte maten og samstundes la seg underhalde av promenerande puglianarar i alle variantar. Internasjonalt innslag er me ikkje aleine om å vera. Mange havgåande seglbåtar er innom her i hamna på veg ti og frå Adriaterhavet eller indre deler av Middelhavet.

Vatnet i bassenget er nå oppe i 28 grader. Det var 20 for ei veke sidan, og ikkje har det vore så varmt at det bare er solvarmen på dagen som har fått opp temperaturen. 
Clas Ohlson bidreg med ekstra rask oppvarming, og som Olaf Tufte seier: Det er det som  funker". I dette tilfellet er det ikkje tran som gjev eit ekstra kick, nå er det Clas Ohlsons lure innretning som gjev eit kick til sjølve sola. 
Så gjeld det baare om å halde det reint nok til eg får tak på nytt sandfilter. Intasure der huset er forsikra har i e-mail lova at eg kan ettermelde det eg nå har oppdaga har forsvunne. Innelåst utstyr for 3 til 4 tusen kom ikkje med i oppgjeret i første omgang.

Du skal ikkje sjå bort frå at det kan kome eit nytt innlegg  har ganske så fort. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar