Translate

onsdag 25. juni 2014

Kan det vera så godt med sjømat?



Il Brigantino  var staden me oppsøkte kvelden før Knut sjekkar ut. 

Han reiser frå Brindisi i morgon torsdag, og då er det vel rett og rimeleg å ta eit måltid ute siste kvelden. Skal lite til å toppe det eg frå før har smaka av fisk. Eg skjems ikkje av å seie eg er kresen på fisk. Det starta ikkje noko særleg godt for min del. Marinerte supertynne skiver av tunfisk. Korleis skulle vel det gå eg som ikkje likar tunfisk i det heile. Godt med søner som har lært av sine foreldre å vera oppmuntrande til det å prøve nye smakar. Det var faktisk godt, utruleg godt.

Marinert tunfisk til høgre, marinert flatklemde reker til venstre. Ikkje varmebehandla slik at alt smaken var tydeleg og klart tilstades.


Reker, potetmos med blekksprut, favestuing og blekksprut.
Brød med fisk. Høyrest ille ut i mine øyre, men du verda så godt.

Ingen problem med å finne vegen her nei. Treng ikkje GPS for å finne rett mål for maten når den smakar som dette.

 Delikat utsjånad også.


Godkar i midten og godtfolk på begge sider bak.
Pascalone til venstre og Meggie til høgre.
Det er dei som passar bilen når me er i Norge.
Helge kommenterte at dette var første gong etter at han kom ut frå sjukehuset der han slappa så av at han gløymde tid og stad. Det må vel vera mat med medising verknad.

Mest som maiblomane me hadde på bilane før i tida. Her laga av pasta og fulle av fisk.


Siste rett var endå meir fisk med smakfull saus og dandert med skjell.


Kirsebær på is runda av eit måltid eg utan å nøle vil rangere høgare enn noko anna sjømatmåltid eg har vore borti. 


Me fekk meir kirsebær enn dette. Gløymde bare av å fotografere medan det endå var meir enn to att i skåla. To bilete vart det sidan son Knut meinte det blei heilt feil å ta bilete slik eg hadde gjort. Gjekk ikkje an å skjære av tallerken på den måten. Så får dei som les avgjere om det andre er så mykje betre enn det første.

Ikkje vanskeleg å konkludere. Vil du ete fisk hos folk som kan kunsten å lage den til, då er valet lett: 

IL BRIGANTINO via Roma 26 San Michele Salentino.


1 kommentar:

  1. Ikke via Roma 26 San Michele Salento, Skriv heller SALENTINO. Og jeg vil, hvis jeg bare får det til. Det så utrolig godt ut.

    SvarSlett