Translate

torsdag 17. april 2014

God mat smakar i godt lag

Gjestene dukka opp. Sofie og Livar først. Det vart visst litt klein dirigering for parkering frå  mi side. Vinrankene fekk stå i fred, men steinane eg har lagt ut for å verne om dei små plantene fekk ikkje fred. Ingen skade skjedd, men sjåføren merka at her var noko som heldt att.
Då tida nærma seg 8 måtte eg avgarde for å vise veg hit til Villa Felizia. Det er dei mest lokale eg så langt har vist veg for. Kjem ein frå Latiano er ikkj vegen så heilt ille å finne, men følgjebil er sjølvsagt det enklaste.. 
Etterkvart har eg skjønt at ein ikkje kjem på middagsbesøk her utan ein aller annan gave. Meeresfrüchte frå Belgia, gitt av semi-italienarar i Puglia, presentert på Hardangersaum må vel seiast å vera ei litt internasjonal gåve.
Koloritten i buketten Meggi og Pascalone hadde med passa som hand i hanske her i stova.  Det internasjonale temaet held fram: Blomar frå Italia, vase og lykt av svensk glas og ser du godt etter legg du merke til to kvite italienarar/høner (frå Norge) på bordet.

Gildt å få gåver. Aller gildast er å få besøk av gjester som set pris på det me har laga til. Meggi trudde rett nok at ho skulle få Finnbiff, men den biffen får me ordne ein annan gong. 

Me har så langt her i Villa Felizia kokt på butan frå ei engelsk gassflaske. Har vore litt redd for at den skulle gå tom ein eller annan gong det slett ikkje passa seg. Då eg skulle fyre opp bakaromnen på gasskomfyren for å gje pinnakjødet den sprø steikeskorpa me likar så godt, var det jo akkurat det som skjedde. Gode råd kunne då fort ha blitt dyre, men heldigvis hadde eg skaffa ny gass og ny regulator som passar dei gassflaskene med industritilkopling som ein lettast finn her. Ein liten omgang med skrujern, så var steikeskorpa fiksa. Me tok sjansen på nypoteter med skal, men dei norske meinte det ville bli vanskelig for dei lokale gjestene. Gaffel og kniv og skrelling før potetene kom på bordet vart løysing på manglande potetskrellar.
Eg hadde laga rikeleg med kålrabistappe og frose ned heime på Vigrestad. Om ein pakkar i bobleplast held det seg frose i dei timane reisa tek. Eg vart litt øvejidde kan du sei når halvparten av kålrabistappa viste seg å vere frosne restar av ei fiskegryte. Godt då å ha rekna romslege porsjonar, for det vart nok og meir enn nok av bare halvparten av det eg hadde gjort klar.
©Livar
Kjøtet var akkurat passe salt. Såg ikkje anna enn at gjestene åt, men heller ikkje her var det lett på berekne mengde. Dei porsjonane eg reknar med til jul når våre tre søner Knut, Helge, Tor Sveinung og broder Oddvar skal mettas, dei porsjonane er nok det doble av det som var nødvendig nå.


Etter slikt eit tungt måltid mat passa det godt med jordbærgele servert med vaniljesaus frå Tine, spedd ut med fløte herifrå. 
©Livar
Dei italienske gjestene var som de ser veldig nøgde med det dei fekk servert, eller var dei bare glade for å vera i godt lag? Eg trur begge deler.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar