Translate

tirsdag 16. oktober 2018

Ubedt besøk me sette pris på.

Her om dagen svinga det inn ein bil i nedkjøringa mot huset vårt. Ikkje kvar dag det skjer, så her vart forvitenskapen vekt. 3 stykker, litt usikre, kom nedover mot huset og me fekk helse på dei. Norske viste det seg at dei var. Andreas, Julia og Bjørn var på haustferie i Puglia. På grensa mot Sverige, heilt  i utkanten av Halden  budde dei på eit småbruk. Dei leika med ideen om å skaffe seg litt land med hus til i Puglia.
Men i all verda, korleis finne fram til oss der ute på Contrada Coltura? Bjørn hadde sett på ein engelskmann som laga fjernsyn om hus i Puglia som vart renovert. Hadde så søkt på Puglia og fått opp:    http://gelleh.blogspot.com/
Eg skreiv ein gong heilt i starten av blogginga ei rettleiing på korleis ein skulle kjøre for å finne fram på alle småvegane. Og tenk, dei fann vegen sjølv utan bruk av GPS. Ikkje alle som finn fram så galant sjølv med Gps som hjelpemiddel.
Me vart invitert til deira ferieleilighet i Torre Santa Sabina neste dag. Fekk uveksle mobilnummer og e-post. Må prøve å halde litt kontakt framover.












Solnedgang er eit tema som stadig går att når eg klikkar. Ja det er mobilen eg klikkar på, eller rettare sagt det kameraet som har innebygt mobil slik at eg både kan ta bilete med det og i tillegg ringe samtalar. Eller var det egentlig motsatt? Er det  mobil med kamera det er snakk om?
Kakifrukter, litt kjeks og kaffi er fin pausemat overrisla av solstråler i tunet.












Me har ein del bry med at det ikkje er like lett alltid å setje grenser. Burde vore slik at for kvar gjenstand som vart dratt med til huset, så burde me fjerne ein av dei som var der frå før. Men med litt betre organisering, plastkasssar for lagring av mindre ting så blir det i det minste litt lettare å finne fram i galskapen.
Utematen er framifrå, men det er nå etandes det me finn på heime og. Blir fort utemat av heimematen og. Lett å finna gode råvarer både på marked og lokale butikkar. Gassen me kokar på er både raskt og effektivt, einaste problemet er når ein skal bruke steikeomnen. Den er slik at anten er det bånn gass eller så er det ingen gass, veldig vanskelig å regulere. 
Me har nokre husdyr på bruket. Denne gjer vel nytte i den forstand at den tek insekt av ulike slag. Fascinerande å sjå på korleis den kan sitje lenge lenge og vente på byttedyret før den plutselig skyt fram og sluker offeret.
All hausting er gildt. Julie og Nick som kjøpte huset eit par år før oss og pussa det opp slik at me vart betatt av huset frå første stund, dei planta ein heil del frukttre. Om det er clementiner eller mandariner veit eg ikkje, men hausten i år vart ganske god den. 
Ok, fruktene er grøne. Går likevel an å håpe på ei viss mogning når dei får stå litt. Dei gulna noko på vegen opp gjennom Italia, Austerrike, Tyskland og Danmark. Har skrelt nokre og dei er ikkje surare enn det ein får på butikken innimellom. 


Ut frå erfaring utførte eg alle punkt på lista før eg tok avgarde nordover. Kjøleskap, brønnpumpe, cisternepumpe, gass, vaskemaskin, oppvaskmaskin, varmtvannstank, alt vart kopla frå. Cisternerommet som er det rommet som har vore mest besøkt i vårt fråvær fekk litt ekstra merksemd. Gjekk frå eine døra ulåst, og for å dryge tida det eventuelt vil ta å få med seg pumpa i cisternen, så skrudde eg loket heilt nedpå og strekte kjetting tversover og sikra med hengelås. Då vil forsøk på å fjerne pumpa, noko som har skjedd før, ta så lang tid at VigilNova vil rekke å kome til. 
Grunnen til at Roomsteren måtte heim skuldast det faktum at det er særs vanskelig å utføre Eu-kontroll på norsk bil i Eu. Hugsar ein gong for mange år sidan eg spurde biltilsynet og då var svaret at dei kunne ikkje gå god for verkstader rundt i heile Europa. 
Sidan Roomsteren må på Eu-kontroll her i landet og skulle kjøre rundt 2900 kilometer før den var heime i gardsrommet, tenke eg service kunne vere ok. Slik fekk eg nokre timar med venting i San Michele, den minste av dei tre byane som dannar ein trekant der huset vår ligg omtrent midt i. Fekk mest litt assosiasjonar til Bermudatriangelet, men så langt veit eg ikkje om nokon som har forlist her på campagnaen mellom dei tre byane.
Frukost med mortadella og juice av arancia rosso pluss ein dose føremiddag i ein liten kanskje litt søvning by på Salento. Tida går fort den, mykje å sjå på. Fine bilar, både nye og gamle.  Eit eldorado for å studere gamle mannfolk. Dei samlast på torget her på føremiddagen.
                                                  
Neste tur blir kanskje i ein av dette slaget. Eg slengjer med leppa av og til, men denne gongen har eg ikkje dumma meg ut. Hadde vore heilt konge å trille ned gjennom Europa i ein Fiat 500. Rett noko den nye typen, men alligavel.

Eg likar bilar, miljøaspektet ser eg då bort frå. Då syster mi Aslaug på 4 år omkom i ei ulukke, kjørte administarsjonbilen på Bakkebø med båra frå kyrkja på Varhaug til Heskestad kyrkje der gravfestinga var. 10 år gamle meg hugsar ikkje så altfor mykje, men bilen var tofarga, kvitt og blått. Stasjonsvogn så vengene var ikke så veldig påfallande. Skapte minne gjorde det og kvar gong er ser ein gravferdsbil vert den målt opp mot den bilen Aslaug fekk på si siste reis.Denne heldt mål etter mi vurdering.
Ser ut som eg har samla alle verdas suter i mitt hovud. 
Kanskje ikkje så alvorleg som det er ut for.
Der har du denne bilinteressa igjen. Når dei testar nykonstruerte bilar, pyntar dei dei slik at ein ikkje skal legge så godt merke til dei. Eller er det motsett, eg legg i alle fall merke til det når psykedeliske mønster dreg blikket mitt mot seg. 
Kva bil er det? Kan det vera ein Mercedes?
Kjører ein personbil er det ikkje bare bare å stoppe på ein av dei utalige rasteplassane for å sove. Er ryggen stressa slik som min har vore ei veke no, så er det seng ein treng. Siste overnatting før Hirtshals var i Greding. Veldig bra rom. Interessant dusjløysing. Kanskje endå meir interesssant om det hadde vore eit dobbeltrom og ein var to på tur?
Skal ein koma fram til båten går frå Hirtshals, lyt ein ta ut i otta. Eller helst ein del før. La meg rundt ni, så sjølv om natta var mørk og det endå var mange timar att til dagslyset tok over, så tok eg avgarde frå Astay alt klokka to om natta. 5 timar søvn er nok.
Viss noko skulle tru at eg held meg vaken under kjøring på usunn mat og drikke, så får dei bare tru om att. Men eg måtte heilt til Danmark før eg fann gode alternativ.  Mange mil frå Puglia til Øksekær, ikkje få boksar Redbull, Monster og anna godt stoff + chips. Chips er så fint på den måten at det knasar når du et det, og lyden gjer at ein lettare held seg vaken.
Ankomst Kristiansand midnatt mellom lørdag og søndag. Ilandkjøring på mest mulig kaotiske måte. Og så var det dei mila som var att til Vigrest då. Dei var lange, forferdelig lange. 260 mil som ein leik, og så kom kampen mot dei siste 20. Sov litt på Mones mandal, så ein Pitstop på Kvinesheia. Fekk med meg ein liten stopp i Flekkefjord og. Nattopen Shell på Helleland kunne by på ørtidleg morgonkaffi for ein sliten "autista". Fram kom eg klokka 06:40 Turen frå San Michele tok 2 døger og 4 timar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar