Har skrabla litt her medan biletet endå var på mobilen. |
Om nokon skulle ha ein grepa god ide om korleis ein kan få til dette hjørnebygget vårt, er du velkommen til å dele ideen din med meg på geir.hausken@lyse.net
Ganske ulike og tildels motstridande råd har me fått. "Hiv deg rundt og set skufla i jorda" seier nokon. "Du må ikkje finne på å bygge noko utan godkjenning" seier andre. Kommunen flyg over med helikopter og sjekkar korleis tilstanden er på dei ulike contradaane.(område, norsk bunden form fleirtal av italiensk contrada)
Helikopteret som surra rett over vår parsell trur nå ikkje eg var ute på inspeksjon her hine dagen. Var nok meir testflyging for Leonardofabrikken som produserer Augusta Westland helikopter.
Reiseruta vår har for det meste tidlegare gått via Schiphol og Fiumicino. Denne gongen reiste eg med AlItalia til Roma, deretter Heathrow og så med SAS til Stavanger. Kom inn over London og fekk med meg London Eye, Parlamentsbygningen med innpakka Big Ben, Buckinham Palace, Hyde Park, Earls Court og noko som likna ein fotballstadion, Chelsea.
Etter ein laaaang dag, var det godt å parkere med denne utsikten. Mest litt som å kome heim. Spørsmålet er vel bare etterkvart, kvar er ein heime? Norge har endå overtaket, og slik blir det nok ikkje annleis framover heller.
Du undrast vel når eg seier eg heller brukar 3 dagar bak rattet susande langs motorvegnettet gjennom Italia og Tyskland enn 1 dag opp og ned i lufta nokre gonger på veg frå nord til sør eller motsatt. Eg kjenner meg så innstengt, mest kvelande innestengt. Kanskje eg bare har blitt for stor for desse lange smale smekre kroppane med venger og hale.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar