Translate

lørdag 19. mai 2018

Festa nazionale come straniero


Då blir det egg, då blir det sild, då blir det endå litt meire til. Det er 17.mai i utlendighet, men ingen elendighet av den grunn. 

Bilen fekk både vask og flag på seg. (Flaga vart senka då me starta på turen. Dei var bare til ære for fotografen.)  
Då var vel alt klar for den STORE festen saman med alle dei fine feststemte folka. Akkurat denne dagen var det det norske som samla oss, me som av ulike grunnar søkjer tilflukt her på hælen av støvellandet.
Litt nord for oss her sør på slettelandet, ein stad der  nordmenn har sett fast bu, der vart staden for felles feiring av av syttande mai. Signe og Gaute har det så greitt med La Silvana på Selva di Fasano, høgdedraga like vest for Fasano. Der treng ein ikkje gå svolten frå bordet om ein er aldri så kresen. Variasjonen er stor til vanleg, denne gongen hadde dei nok lagt seg ekstra i selen for å tilfredsstille flest mulig av dei norske ganene.
Det var ei eksklusiv samling folk som var venta denne dagen. Her kjem dei så oppdressa at det er eit syn. Nokre har lenger fartstid her på hælen enn andre, men pytt kva gjer vel det. Interessa for livet her sør i Puglia er stor nok til at me alle har skaffa oss ein stad med tak over hovudet for meir enn bare eit par dagar. Sofie  har hatt hus her sidan 2007, Anne Marie sidan 2012 og Aud har hatt nøkkel til eige hus sidan starten av mai dette året.
Eg er vel igrunnen ganske smålåten av meg sånn på det jamne, men i denne samanheng vil eg gjerne få lov å slå fast at mitt forhold til Puglia starta alt i 1997. Det var då eg først opplevde gjestfriheten her, den som gjer det så godt å vere her. 
Matkulturen hadde me mange møte med i "The more you know, the more you grow" prosjektet. Om nokon då for 21 år sidan hadde sagt at eg skulle ha ein parsell på 8500 m² med mest 50 oliventre og like mange mandeltre, då hadde eg nok hatt problem med å tru det. Men slik vart, og glad er eg for det.

Det gjelds om å legge god slagplan når ein skal gjennom eit såpass omfattande måltid som det me fekk denne dagen. Som de ser på magamålet har nok desse mennene valgt ulik strategi over lengre tid. Men forventninga kunne me dela. Dette skulle bli godt, noko det og vart.
Før me slapp inn i lokalet vart dei første antipastiane servert som håndmat. Fritert gresskar var ein av variantane. Så godt at ein med tanke på alle bordgledene som venta, fort kunne forsyne seg for mykje,

Inn kom me, og frå nå av er det til lyst for både auge og gane. Stort sett lokale råvare er gjort om til små kunstverk, det eine etter det andre etter det tredje og så vidare. Kunne lett bli for mykje om ein skulle halde norsk tempo, men når ein har god tid og er i godt lag, då får maten og inntrykka god til til å synke. 




Her går ein frå det heilt enkle, skiver av cipolle bianco med balsamiko på..........
............til trøfler frå den lokale eikeskogen. Akkurat kvar trøflene kom frå høyrer med til det som ikkje kan seiast. Har ein først funne slike ting i naturen, så held ein det for seg sjølv. Trøflene vart sjølvsagt ikkje servert heile.  Høvelen, mest som ein ostehøvelen skar fine tynne skiver og soppen og så vart den servert med ...........

...........litt bechamelsaus innpakka i ei lita pannekake. Endå litt saus ved sida av og så oppå  dette desse tynne fine skivene av trøffel.

 Østers og rå blekksprut er vel etandes.



Fisk er ikkje alltid det eg set mest pris på, men når den er laga til slik Aldo gjorde her, då er det godt. Saftig fiskekjøt, ikkje tørt og fibrete slik eg ikkje likar.
Siste rett før frukt og kake. Smakfulle saftige bitar av kjøt direkte frå grillen. Må vera ein kunst å få kjøtet så saftig når bitane er såpass små. Godt forresten at kjøtretten ikkje var meir omfattande. Nå tok i alle fall eg til å bli mett.
Festkaka vart trilla inn til tonane av "Ja vi elsker". Vito, son av Aldo sjefen hadde vore på nett og lagt opp til streaming for å vekkje nasjonale kjensler hos forsamlinga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar