Translate

onsdag 16. mai 2018

Galldyr hengelåsnøkkel?

Det var faktisk litt bry med den nøkkelen som mangla til porthengelåsen. Men er boksen stor, og den som styrer boksen har litt samlemani, så går det fort bra. Ingen nøklar har så langt blitt kasta og det viste seg nå å vere til nytte.
To fulle sett til å kome inn porten og vidare inn i huset. Endå til med nøkkel til alternativ inngang dersom ei dør skulle ha kilt seg. Fjernstyring av alarm finns og i to eksemplar.
Om ikkje eit reservesett hadde eksistert, så hadde det vel vore i meste laget karsleg å satse alt på eitt knippe.
Her har siste minne om Hymeren fått vera med vidare, sjølv om den nå bare er minne. Giottiline tok over. Nå står den her på parsellen og ventar på å kome heim med ny dør og reparert trapp.
Fint å vera nøkkelperson i eige liv.

Du skal ikkje selje bjørnen før skinnet er flådd, heiter det i eit omskrive ordtak. Ein skal nok heller ikkje selje olivenolja før blomane har fått sjanse til å bli bær. Men utifrå blomstringa kan det bli ein del flytande gulgrønt gull seinhaustes. 
Fram til november kan mykje skje, men dette året MÅ vel bli toppsesong så langt for vår del når det gjeld olje. Trea er stelt på beste vis, "Ich bin ein Meister" har sørgd for det. Grunnen under trea er horva med skålhorv. På eit par timar for Julio over den delen av parsellen der oliventrea står, medan Julia kona hans heile tida heldt overoppsyn med jobben han gjorde. I juni skal alle til overs skota fjernast. Bør absolutt bli ein god haust.
For ein som lite eller ingenting kan om jordbruk eller olivendyrking, så ville det naturlige vere å gå laus med øks eller rydningskniv på alle skota eller strebarane som eg likar å kalle dei skota som bare vil opp i lyset og ingen frukt vil bera. Straks burde det vel bli gjort.

Såpass fekk eg med meg med mine meir enn vaklande italienskkunsskapar: Desse skota skal ikkje fjernast før i juni sa Julio.  Det hadde sikkert noko med å la trea få mest mulig fred under blomstringa.  Var litt enklare med "Ich bin ein Meister", for me hadde i det minste felles språk, tedesco. Men ikkje for det, nå får eg jo testa om eg forstår så mykje som eg trur eg forstår. Har i allefall kome til eit nivå der folk ikkje kan samtale heilt fritt utan at eg i mange tilfelle tek tråden i det dei snakkar om. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar