Translate

fredag 1. januar 2021

Kva byr dette året på?

For ei veke sidan, 23. desember snakka eg med Palma. Første samtale eg hadde med henne fann stad 23. desember 1997. Etter den tid vart det mange treff i samband med det samarbeidsprosjektet me på skulen var heldig å få til gjennom Comenius-systemet, eit felleseuropeisk prosjekt for mellom anna internasjonalisering i skuleverket. Samarbeidet med Scualo Media Statale Dante Alighieri i Brindisi førte for min og Anne Marie sin del til ganske så stor interesse for regionen der sør på hælen av Italia.

Oktober 2012 tok me steget og fekk tileigna oss ein liten del av landet, 8,5 mål land, eit lite nyopppussa hus på 80 m2,  forno a legna (vedfyrt pizzaomn) høyrer med, likeeins eige vatn frå borebrønn.

Som vel dei fleste har fått med seg er det ikkje så lett å gjere seg nytte av staden i desse dagar, me får håpe på betre dagar etterkvart.  Me er jo gamle nok til å vere prioritert når det gjeld vaksine. Om Italia etterkvart kan bli nedgradert frå raudt til mindre restriktivt nivå, sjå det må me bare vente på og sjå.

Meggie og Pascalone har det bra for sin del, men restauranten måtte dei stenge 26. oktober.

Lina næraste nabo og Andrea son hennar har det bra.


I dag tidleg på første nyttårsdag fekk eg telefon frå Giulio, han som sit på traktoren,  med ynskje om godt nytt år. Me har ikkje særlig felles språk, men at han ynskte godt nyttår det forstod eg. Han kunne også fortelje at det står klar 30 liter olje for oss frå oliventrea på olivenlunden vår. Gulio lurte på kva tid me kjem nedover, juni, juli er forsåvidt mulig sa eg, men det avheng av forhold me sjølv har lite herredøme over.

Roomsteren vår står klar her i gardsrommet for Eu-kontroll på mandag 4.januar. Den fekk så mykje service hos AutoPro før me for nordover at eg blir overgitt om verkstaden her finn feil av betydning. Etter kontrollen kan me hiva oss i bilane straks det er klart og Italia igjen blir nedgradert frå raudt til eit lågare nivå.  Det blir nok fort til at me kjører nedover med både bubil og Roomster. 

2950 kilometer, bare for å snu.
Gjekk fint nordover i haust, då går det vel like greitt å snu retninga. Fint å kunne pakke med seg alt ein treng på sjølve turen, endåtil kjøkken og soverom. Blir jo som å bli frakta sørover i ei ganske smittefri boble.
Me lengtar og gledar oss til turen sørover kva tid det nå enn måtte bli.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar