Å reise over Skagerak på vinterstid kan nok by på litt av kvart. Me rekna med ein ganske så frisk overfart, men reisesjuketablettar dempar både eventuel kvalme og hug til å halde seg vaken. Stavangerfjord la ut frå Risavika etter vinterrute så seint som 23:30 og det vart veldig fort tid for å innta horisontalen i lugaren med den fantastiske utsikten.
Danmark Tyskand, Austerrike er bare kilometer etter kilometer, iallefall om ein ikkje har andre planar enn å kome seg fram fortast råd. Roomsteren går faktisk godt den sjølv om den dreg på alderen og har samla skikkelege tal på teljaren. 12 år og 205000 km er ikkje så verst på ein liten 3 sylindra diesel på ikkje meir enn 1.4 liter. Bråkar gjer den, men det er ikkje noko dårlig teikn. Det er kjenneslig det, den har gjort det heilt frå me kjøpte den i august 2009. Oppfører seg litt som ein liten traktor når det gjeld lyd.Heilt nord i Italia er det fjell-land. Italiensk alper så gode som nokon. Kjem me nedover til Verona, flatar landskapet ut og me kjører over Po-sletta som er flatare enn flataste Jæren.
For meg er det rett så god underhaldning å følgje med på kva bilar som passerer. Mindre flotte bilar enn tidlegare. Trur helst dei hadde tatt avgarde til Puglia, anten det nå var Porche eller det var Lamborghini. Akkurat denne hadde me aldri sett, så for å forsikre oss om at me hadde sett rett, måtte me gjere det på Google som alle gjer nå for tida. Lotus heitte bilen. Uhorvelig sterk, og kar om å gå forferdelig mykje fortare enn det den gjorde her då den lunta forbi oss i venstre fil.
For å halde seg i bilmodus: I bakkane opp frå Grottglie vart me ein dag innhenta av ein kø av Porche.
At dei våga å kjøre på slik ujamn veg fattar eg ikkje, sjølv etter måten høgbeinte Roomster kan vera nære ved å ta nedi.
Ein dag seinare kom det jammen meg ein like lang kø av Lamborghini rett ved Latiano.
Denne gongen inne på veg av nesten campagnastandard. Ein lilla og ein svart. Ja for det må vel to stk til for å kunne kalle det kø? Eg vart så perpleks at eg rett og slett ikkje kom på å ta bilete. Er nok lite håp om nokon gong å få reprise.
Me starta frå Risavika kl 23:30, onsdag 23.februar. Etter overnatting i Brunschweig og Trento trilla me inn på tunet til Villa Felizia i åtte - ni tida lørdag 26.februar. Ein liten bukett frå tomta vart henta inn straks det vart lyst nok til å finne blomane. Tempo på turen var akkurat passe for oss. Ingen ekstra stopp på grunn av biltrøbbel.Grønt, grønt så langt ein kan sjå. Det er vår, men ikkje nettopp plagsomt med varme. Ruvande oliventre planta i systematiske rekkjer. I dette tilfellet ser trea ut til å vera friske. Xylella har i det minste ikkje teke overhand her.Mandelblomane er vakre. Når trea står der duvande med blomar over det heile, då har augo noko godt å kvila på. Om det blir mandler av det til sist, er vanskelig å seie. Her har vore så kaldt at insekta som skulle gjere ein jobb med bestøving av blomane, dei insektene har ikkje vore mange og dei har slett ikkje vore tilstades i Latiano.
En nordmann som var på snarvisitt i Villa Serena sa at "Veiene i Puglia kan være en rystende opplevelse" Det stemmer godt med virkeligheten og det har slett ikke blitt bedre med årene.
SvarSlett