Translate

mandag 3. mars 2014

Som å kome heim

Eg kjenner i grunnen ikkje så mange V.I.P. ar, men i går fekk eg med meg halvvegs till hundre fering for ein av dei få. Det vart i grunnen som ein ouverture til Italia turen. Ingen lurer vel på om denne karen er glad i mat og då særleg slikt om inneheld pasta, tomat og olivenolje. Direkte frå Sicilia kom Diana og laga til italiensk buffé for jubilanten. Eg var heimom for å sove litt, men det var ikkje mykje å skryte av den søvnen eg då fekk. Opp att halv fire for å vere klar til avreise frå Sola klokka 06:00. Stakkars Anne Marie som måtte opp i otta  bare for ein Solatur og så rett heim att.
Denne gongen var ikkje flyet forseinka. Det var lite folk om bord og alt 05:45 taxa flyet ut for å gjere klar for avgang. Der fekk eg sova. På flyet. Det blir alltid slik opp og ned turar av det, som ein berg og dal bane i sakte kino, med stopp i Amsterdam der eg fekk med meg ein flott soloppgang

og Milano eller Roma. (Eg fekk med meg at det var Milano denne gongen) Var heldig i dag, lite venting og faktisk fekk eg ta att litt søvn på kvar av etappane.

Meggie stod som avtale og venta då eg kom ut av ankomsthallen på Aeroporto di Salentino, Brindisi. Kjende henne ikkje att med ein gong. Ho hadde operert vekk brillene som ho allltid har hatt så lenge eg har kjent henne. Ho kunne fortelje om ein Corsa som var nokså kraftlaus då Pascalone prøvestarta den for eit par dagar sidan. Nå var den lada opp og startvillig som bare det. Me reiste forresten ikkje ut til huset deira for å hente bilen med ein gong. Måtte innom på Taverna di Pascalone og der var eg vel svolten etter så lang og tidleg reise. Fekk servert biff mørna på proff vis. Eit lite føredrag og om korleis kjøt må tas vare på om det skal bli godt følgde og med.  Pannacotta med jordbærsaus til dessert. Alt på huset. Mest så eg vert flau, men eg får nyta det og gleda meg over det.
Me har fått så innstendig melding som det går an om at me ikkje skal ta med gåver som gjenyting for parkering av bilen. I Amsterdam selde dei digre bukettar med tulipanar, mørk røde, mest som ville det over i lilla. Flotte var dei utan at dei kosta all verda. Godt innpakka klarer dei meir enn ein snartur til Italia rekna eg med. Tulipanane var blinkskot.  Blomane vart sett pris på. Det gav så gode minnner. Før Meggie og Pascalone hadde blitt eit skikkeleg par hadde ho kjøpt tulianar til han i høve ein fødselsdag. Same farge og sort var det eg hadde kjøpt med meg frå Schiphol. Ikkje det at eg stiller meg i kø for same føremål som henne, men blomane vekte dei gode minnene hennar.

Tida for inspeksjon i Villa Felizia kom etter kvart. Ikkje så gale som eg hadde venta. Rå makt hadde opna døra inn til lagerrommet der dei stolne gjenstandane var lagra.













Eg har ikkje ord for beslag på dører, men ser du godt etter ser du at slåa som vert skuva inn i haka like over har fått seg ein knekk stor nok til at døra har gitt etter. Det forklarar og at det ikkje er ytre spor etter innbrotet på denne døra. Har konferert siste utgåve av BILTEMA sin katalog: Det næraste eg kjem av uttrykk er SKÅTE. Det må vera rett namn på den delen av beslaget som ein skyv i posisjon for låsing.



Ei knust utelampe som lett lar seg erstatte, det var liksom ikkje meir enn det.

(Inne i lagerrommet var det meir, ute og viste det seg, og det er ferskt. Maks 2 veker sidan, for det var sist lemente var innom og då var det ikkje skade på vindauga ved soverommet.

Som de ser her er det ikkje snakk om folk som bankar  på og gjer seg vene i målet når dei spør om dei kan få kome inn. Amatørar sa Clemente: Dei kunne bare ha festa ein kjetting i gitteret og festa andre enden i hengarkroken på ein bil. Då hadde dei lett som det kome seg inn der dei ville.

Opna vindauga så vidope som mulig. På med avfuktar og omn på soverommet. Må få det mest mulig i normal modus til neste natt. Ein tur innom nabo Lina måtte og til. Me snakkar så godt i lag eg og henne, ho på italiensk, eg på norsk. Ein kan forstå ganske mykje utan å forstå noko som helst har eg etter kvart forstått.

I Mesagne der eg har overnatta på B&B var det karneval i gatene utpå kvelden i går. Disco over heile byen kan du sei. Konfetti i slike mengder at ein skulle tru ein ville trenge brøytebil for å kome seg fram. 

Det er mest så eg ikkje trur at det med ein liten latterlig stor mobil skal vere mulig med såpass lyd og bilete. Utviklinga ha gått framover sidan våre kjære små vart ihuga filma for dåtid og nåtid. 



Lukkelegvis vakna eg i god tid før alle markensbodene kom på plass. Anten fekk eg feil info eller så misforstod eg. Same kan det vera. Bilen fekk eg flytta, i tillegg fekk eg meg ein liten spasertur rundt i området. Kulturen med mannfok som står og heng alle stader er interessant. Det bør bli fred i denne delen av verda i det minste med så mange som løyser verdensproblema.

Klokka 9:00 bør eg vere på plass i heim #2. Då kjem der elektrikar for å få på plass att det som skal til for å få vatn i kranane att. Sidan eg endå ikkje har fått vore i Deutsche Bank og ordna eg med Euro er det greitt at Guido er med og kan hjelpe til med ei forklaring. Prøvde meg på porten hos han i går kveld på 60-årsdagen hans, men….
Jubilanten var ikkje heime då eg møtte på døra i går for å overlevere GPS-en. Sidan du (Livar)så lenge har mobba mi aparte mobil+gps løysning, er det gjerne like greitt då at eg tek GPS-en sjølv? Fant b&b utan slik hjelp. Minibankar gjekk eg forbi mange av utan å sjå dei pga GPS-en viste til ein som sikkert var nedlagt.
Kanskje ein ny GPS kunne ta med alle minibankane her i byen og ikkje bare den ein som var flytta.



2 kommentarer:

  1. Kjekt å høyra at turen gjekk greit. Det minkar i alle fall ikkje på våre reisetrong etter blogglesing. Hels til Guido når du treffer han.

    SvarSlett