Translate

mandag 17. mars 2014

Mangfaldig søndag

Det vart ein rett så travel dag av det i går. Først tidleg opp for vask av kjøkken og stove. Kan ikkje ta imot fintfolk utan at det er så nokolunde reint og ryddig. Den eine av gjestene hjelpte meg med nett, den andre fekk hjelp til å koma på nett. Nå er eg nettkunde både i CREDEM BANCA og i ENEL, selskapet me kjøper straum frå. Har litt sperre på å bare dure i veg når det gjeld å opprette brukar på italienske web-sider. Mine italienskkunnskapar er framleis poco poco.
Utpå dagen hadde eg invitert Demetri, Floriana, Luigi og Alessandra på lunsj. Taverna di Pascalone var den utvalde staden. Maten var som vanleg vel etande. Både Luigi 4 og Floriana 4 (gemelli/tvilligar) sette til livs polpette (små kjøttboller) i eit antal eg knapt hadde trudd var mulig. Gildt å treffast, gildt å halda kontakten ved like.
Litt molefunken når batteriet på mobilen var oppbrukt og spelet ikkje fungerte lenger

Etter lang bordsetjing var det tid for oppbrot. Luigi er veldig oppteken av bilar og ville vite kva sort eg køyrde. Første gong eg møtte han hadde eg leigd ein Fiat 500 og det var veldig til stas.  Luigi måtte rett og slett bli med for  sjå den eg har nå. Med støe steg for han av garde i lag med meg. Gløymde heilt å halde auge med resten av familien. Med bilnøkkelen i handa fann han fort låsknappen. Inn i førarsetet og godt grep om rattet. Ein liten tut i bilhornet måtte mest med, sjølv om det er noko ein helst ikkje skal gjera i trafikken i Italiahaha.

Den faste runden i Brindisi fekk eg ordna meg etter at me hadde sagt adjø til kvarandre. Det var heilt på håret at det vart noko byvandring av det, for det var uvanleg fullt på mesteparten av parkeringsplassane i nærleiken av sentrum. Til sist fann eg ein plass mellom eit par andre parkerte bilar. Vel nøgd var eg klar for bytur, 

men skiltet over bilen sa noko anna. Her kan du ikkje stå om du har tenkt å finne bilen att når du skal vidare. Litt småkjøring i gater som er halvmeteren breiare enn bilen så fann eg det eg leita etter. Ikkje så langt frå ei monumental trapp og fontene frå tida då Mussolini styrde butikken her sør.

Brindisi har meir til felles med Bergen enn same førebokstav i namnet. Ein våg deler byen på eit vis.Du må anten ta heile vegen rundt, eller så kan du ta båt. Ikkje meir enn eit par hundre meter, men det sparer folk for fleire kilometer å gå om ein skulle gå rundt.
Det var rette ettermiddagen å ta turen til byen. Liv og røre, musikk og dans og ei heil mengde små aggregat som surra og gjekk og lagde straum til lys for alle småbuer  som var sett opp i hovudgata frå hamna og opp mot jernbanestasjonen. 

Mesteparten var ei blanding av antikk og hobby, men nokre av buene hadde vareutval eg etter kvart fekk interesse for. Der var det ei brukt motorsag, kunne det vera den som forsvann frå kjenningar oppfor Ceglie? Trass i lange auge frå mi side, fekk eg ikkje auge på vannpumpa som forsvann frå oss for ei tid sidan. 

Der folk er samla er det og arena for meiningsutveksling. Her er bodskapen at kolkraftverket like utanfor Brndisi må reinse eller stenge. Om det fins statistikk som støttar det eller ikkje, er meir enn eg veit, men påstanden var at hyppigare krefttilfeller hadde sin årsak i lokal forureining. Likeså allergi og fleire andre helseplager. Det var visst ei plage at eg filma og, for eg fekk på vennlig vis beskjed om at filming av folk ikkje var lov, kun politiet hadde lov til det. Kan sikkert vera tilfelle det, men sidan eg gjorde lovbrotet i vankunne så legg eg filmen ut. Skal heller lova å ikkje gjere det fleire gonger.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar