Translate

mandag 10. mars 2014

NULLA FURTO A VILLA

Ny veke, ny dag, nye sjansar. Bare ikkje for dei ubedne gjestene våre. Her får me gjera vårt beste for at det skal bli verst mulig for gjesten å koma seg inn. Et lite nys er nok ikkje nok til å setje i gang alarmen, men så veldig mykje meir skal heller ikkje til. Frå Latiano er det rett nok 6 – 7 kilometer, men du verda så fort det går, det går farleg fort. Då eg kom hit ned nå heldt eg 60, og syns det passa godt. Vart forbi kjørt så det susa etter. Når eg nå held 100 blir eg framleis forbikjørt, men ikkje av plent alle.

Systemet som blir lagt opp er skjult, dvs dei brukar dei røyra som alt ligg inni veggene for å føre fram straum til brytarar og kontaktar.






Boksar så mange med ledningar lange. 
Du ubedne gjest, her er slett ingen fest. 
Når me har reist nord, er her ikkje dekka bord
Det hyler i øyra, du ynskjer å køyra 
bort i ein fart så stor, kanskje heim til ho mor
Få trøyst og klapp, ein annan dag får du betre napp

Sidan huset her er totalrenovert rundt eitt år før me kjøpte, ligg det godt an. Nick har gjort ein grundig jobb. Her er lite preg av amatørskap på det.

I tillegg til sikring av alle rom, dører og vindauge, får me ein EMERGENCY button. Den er vel tenkt brukt i forhold til overfall, men akkurat det er eg lite redd for. Når folka som står bak dei ubedde besøka ser at her er folk reiser dei bare forbi. Det er når huset står tomt i lengre periodar at freistinga til å prøva seg overgår evna til å la huset stå i fred. Alarmknappen kan vere grei å ha likevel den. Her er veldig ujamn dekning på mobil, må mest leite frå gong til gong kvar ein kan plukke opp signal. Skulle det vere akutt trong for hjelp av ein eller anna grunn, reknar eg med at Vigil Nova rykkjer ut sjølv om det ikkje er overfalls damer eller menn som er på ferde. Endå ei lita finesse: Naudknapp til å ta med seg. Skulle ein då kome til husar og alt eit stykke frå sjå at her er folk i ferd med å ta seg inn, då kan ein trykke på alarmknappen og ikkje måtte gå i konfrontasjon med dei innpåslitne.


Dei trekkjer kablar så det eit syn. Her skal det bli velstand.   Etter jamn jobbing i 5 og ½ time gir dei seg. Resten skal bli gjort i morgon. Dei som då tek seg inn i huset vil bli møtt av ei
hennesløysa av lyd som gjer direkte vondt i øyrene. Godt førebudde gjester her tek kanskje med hørselsvern, men det er bare greitt for då høyrer dei ikkje at Vigil Nova kjem. Tiziano di Falango kjem tilbake hit i morgon for å gjere systemet ferdig. Då skal det testast og og underteikna skal lærast opp til å bruke det utan stadig å utløyse falske alarmar. Akkurat i morgon er det nok ikkje så farleg. Vigil Nova veit kva som er på gang. Dei to siste dagane har dei lagt att kvittering festa i låsen på porten. Dei vil vist vise at dei er til og at dei gjer jobben sin. Får håpe dei gjer jobben også når her er tomt i huset, for det er jo då det er nødvendig med tilsyn har det vist seg.

Livar var ikkje sein om å fara sørover for å ta i sjekke opp om gjestene hadde rydda fint etter seg der. Ikkje fritt for at de var spor, men vennene til Livar som rydda opp slik i fyrste omgang, dei har gjort ein god jobb. Det var ikkje så overveldande som det såg ut til den dagen eg  besøkte huset nesten samtidig med dei ubedne gjestene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar