Translate

lørdag 8. mars 2014

2 rettars middag til farande fant

Tidleg torsdag kveld tok eg ut til Palma. Henne har eg kjent siste 16 år etter at skulen heime var med i eit Comeniusprosjekt. Ho bur i Brindisi, ein halv times kjøretur herfrå. Kjørte ein annan veg enn det eg brukar og brått var eg like utfor Guido.  Har vore der eit par gonger tidlegare denne veka for å overrekkje presang, men det har vore mørkt hus. Denne gongen var der lys, så eg stoppa og ringde på. Angela kom og tok imot 60-års presangen, og like etter kom Guido, opna porten og vinka meg inn. Fekk ikkje lov å gå derifrå før eg hadde vore inne. Me heldt oss unna spørsmål om påbygg her på huset vårt. Dagen og kvelden hadde vore fin så langt, sa han og då ville han ikkje øydeleggje det med påbyggsnakk.  Kake kom på bordet, og då eg ville gå vart det spørsmål om eg likte kanin. Det er ikkje det eg har ete mest og oftat av, men så langt eg hugsar var det vel etande. 
2 rettars middag til farande fant er ikkje dårleg. Makaroni i tomatsaus først, deretter kanin også den i tomatsaus servert saman med det som  å sjå til likna stua kål men, som var fennikel med ost over. Kaktusfiken konservert i kalk og vanlige fiken runda av måltidet, og heilt til sist kom isen på bordet.
For meg vart det ein rett triveleg kveld. Me snakka ein del tysk, og då kom liksom Angela meir med i laget. Ho lærte seg tysk då dei budde i Tyskland.

Presangen til 60-åringen var GPS frå Clas Ohlson. Ide stod Livar for, og på seg sjølv kjenner ein andre. Eg sa til Guido at etter det Livar hadde sagt, var det slik at evna til å orientere seg etter vegane vert dramatisk forverrra frå og med den dagen ein fyller 60. Det er vel det som gjere at same Livar alltid har med seg GPS når han fer etter vegane her i Puglia.  Guido viste også kortet han hadde fått frå dottera Daniela som gifta seg i august i fjor.  Gratulerer NONNO! Han lest som han ikkje lika det. Kjende visst på at han vart veldig gammal som bestefar, men eg såg på heile han at han sette pris på helsinga til NONNO.
Dette var ei fin overrasking, sa Guido då eg for.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar