Translate

onsdag 8. juni 2022

Vigrestad Brindisi, same avstand, ulik reiseveg.

Der for han. Sørijønå. Heilt hekta ser det ut for, hekta på Italia. For første gong med overnatting i Frankfurt. Det vil sei, for mange år sidan kom det snø på Frankfurt Airport 3 - 4 dagar før snøryddingsutstyret var planlagt å tas ut.  4- 5 cm stoppa all trafikk på flyplassen den dagen. Gigantiske ringvirkninger i heile Europa vart det. For min del vart det ein time eller to rett på flisegolvet. I avisene vart det fortalt om feltsenger for dei uheldige passasjerane, men dei sengene såg eg lite til.

Reiste frå Sola ganske seint, så når eg kom fram på hotellet i Frankfurt der eg skulle få slappe av nokre timar før neste flyøkt, var det stengt for servering i nabolaget. Kunne sikkert blitt ein god Pizza, men som sagt: stengt.

Det blir fort litt travelt når eg skal ut og  reise, i allefall når fly er transportmidlet. Flyet frå Frankfurt gjekk 07:15. 

Med hotel 5 km frå flyplassen måtte det bli shuttlebuss. For langt å gå med 8 kg kvilande på skulderen. Men den førehandsbetalte dukka ikkje opp til tida eg fekk opplyst. 

Eg spurte Google om beste veg til terminal 1 og la avgårde til fots. Det viste seg at den vegen Google viste til , gjekk rett inn i flyplassområdet der publikum ikkje har adgang. Fekk spurt ein venlig mann som sa eg måtte gå litt tilbake, der ville eg finne ein normal buss-stopp for transport til avgangsterminal. Sjåføren på bussen meinte det var for kort til at eg skulle betale, og det hadde eg jo gjort frå før. Rett nok til eit heit anna selskap.

Ein ulempe i desse dagar når ein skal ut og flyge er all tida som går med i sikkerhetskontrollar. Har ein då mellomlandingar der ein må ut av transitområdet, blir det for ein del tid i kø. Heldigvis var eg så tidleg avgårde at køen var heller liten. Då fekk kontrolløren betre tid til å sjekke bagasjen min. Geitost frå Aurdal gard i Vats var veldig interessant. Prøvetakiingsutstyrt kjælte med osten og fekk seg deretter ein tur mellom det vesle av klede eg hadde med i veska. Så til makin for avlesing av resultat, og det var ikkje uventa for meg veldig negativt. Godt når det negative blir til noko positivt. Vart vinka vidare for ein kortare flytur ikkje lenger enn til München.

Lufthansa utfører på vegne av Swiss Air.

Vel framme i Brindisi sørgde eg for å kome meg ombord på første flybuss inn til sentrum og jernbanestasjonen. Ferdig med kø i flyet for å kome ut, ferdig med kø for å kome gjennom pass og toll, ferdig med kø for å kome på bussen. Der slapp eg meg nedpå eit sete og rekna med å kunne slappe av dei 10 minutta turen inn til byen normalt tek. Der peip det i telefonen, eg såg det var eit norsk nummer, men kven?
Då eg fekk tatt telefonen høyrde eg Livar sin stemme i andre enden. Han lurte på kor eg hadde havna. Hjula på bussen dei gjekk rundt og rundt og eg fekk større og større forsprang på Livar som ville overraske meg med å hente meg på flyplassen. STOPP var signalet eg gav buss-sjåføren. Og sjå der, der dukka Livar opp etter at eg hadde kome meg av bussen. Beine vegen til Via Roma 82 Latiano. Biff av framifrå klasse for både sjåfør og meg sjølv, litt i folieform til Sofie vart også ordna. Roomsteren starta velviljug som bare det. Så var det ikkje lenge til eg var framme i Cda Coltura F5P123.


Og der såg alt ut til å vere i beste orden.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar