Translate

søndag 12. juni 2022

Swiss over Adriatic sea

Når ein flyg med SWISS til Puglia fer ein lenger aust enn med KLM. Alpene får ein med seg uansett, men over nordre og midtre del av Adriaterhavet er det visst bare SWISS som flyg. Høgt der opp i lufta er det fascinerande å sjå kart over området ein flyg over. Rett nok er ikkje dette kart, men likevel. Fekk lyst til å vise samsvar mellom satelittbilete og sjølvlaga flyfoto.  Var det noko eg likte på skulen i si tid så var det geografi. Men namn på øyane i Adriaterhavet vart ikkje gjenstand for pugging. Då er Google Map god å ha om ein enn må vente til etter flyturen for å finne svar på eventuelle spørsmål.

Bereknar ein godt, blir det mulighet for spasertur i måneskin. Anten solo eller i lag. Er ein aleine på tur, må måneskinsturen gå føre seg utan turfølgje. Får halde ømst i eiga hand då. Det er ein nokså aude plass der me har huset. Har endå ikkje kome på å spør nabo Lina om ho ville vera med og spasere i mørkna på dei smale vegane mellom olivenlundane. Då får ein klare seg på eigahand.
Hamna i Brindisi trekker til seg så mangt. På kveldane er det byfolket som promenerer medan turistane meir er publikum. I sjølve hamna finn store og små fartøy ly når det måtte trengjast og bare ein finn stad å fortøye når mannskap treng litt kvile. 
Lungomare i Brindisi er rett så interessant. Vanlege folk og uvanlege folk luftar seg der. Alltid gildt å sjå på folk. Og så utruleg mange ulike typar det er av oss. Sitjande på ein benk der kan ein vel rekne med at nokon finn det interessant å kikke litt tilbake på dette bleike vesenet som dei ikkje veit kva kjem frå.

Der folk samlast er der alltid nokon som ser høve til å tene litt. Han her laga små vevde band med innvevd namn på. 
Skikkelig stilig teknikk. Rennning, innslag i ganske så liten målestokk, og så vart resultatet slik:
Eitt for kvar av dei to små i Stokkalandmarka.
Det var kalking som var påskotet for denne ekstrareisa sørover. Så fryktelig ihuga var eg nok ikkje, men denne sida av huset og to sider til vart tilnærma ferdige. Det som står att får eg gjera ved neste høve.
"Forno a legna" fekk forresten og ein omgang med kalk-kosten. Blendande kvitt når sola står på. Raskt å smøre på, og ganske så rimeleg, Heile huset for ein slikk og ingenting. Ein sekk med kalk klar for utblanding i vatn. Litt tjukkare konsistens enn melk, men mykje meir flytande enn maling. Ulempen er at det ikkje er så veldig holdbart. Bør nok gje det ein omgang annakvart år om det skal sjå velstelt ut og vere til hjelp mot forfall.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar