Translate

torsdag 30. juni 2022

Skrivekløe, suppe på spiker

Nå er det slik at eg kan vere ganske god på å koke suppe på spiker. Ok å få litt Pugliastemning nå. Det er 61 dagar til neste gong me reiser sørover. Sidan dette er siste spikeren som var att frå tidlegare turar, får eg bare sei til dei tålmodige som klarer å lese seg gjennom her, det kjem mest sannsynlig nye bloggar, men ikkje før i september.
Men litt opplevde eg då før eg snudde nasen nordover att etter 3 veker i "syden". 
Det enda visst opp med gourmetmat i dag og. Cornflakes, laktosefri melk og ferskensylt i følgje med rød appelsinjuice frå kartong. Som de ser, er her ingen plen me treng ta vare på, men graset må klippas her likefullt som under oliventrea. Ikkje så fælt mykje onnearbeid blir det av slikt. Iallefall ikkje når ein slepp hesjing og innkjøring av turka høy. Kjenner ein Giulia og Giulio treng ein helst ikkje tenkje på slikt heller. Det går nesten av seg sjølv då.
Her er visst alt stell. Heilt klar for full renovering. Litt sliten utgave av Cinquecento Giardinieri. Stofftak for heite dagar, sjølvmordsdører for å kome inn og ut av bilen når den har stansa. Il mio nome è Cinquecento kan eg visst presentere meg som, i allefall etter Aldo på Silvana si meining.
Det kom på stell dette og. Då me var nede i mars måtte me ha elektriker for å installere ny vannpumpe. Når han jobba, såg han litt svimerke på jordfeilbrytaren og demonterte den. 
Ny jordfeilbrytar kom og vart montert nå i mai. Blir det nå feil i det elektriske systemet, så skal brytaren slå av straumen før nokon av oss vert grilla.

For å få vatn opp frå brunnen vår heile 135 meter under bakkenivå, må me manuelt starte pumpa og ikkje minst stoppe den før det renn over frå dagtanken. 1500 vatn som tanken rømer gjer bare godt om det renn utover på jordet, men det vil heller ta ein snarveg ned i den gamle cisternen under huset. Der har tidlegare eigarar lagra mellom anna reiskapar dei brukte ved renovering av huset. Eg har vore nede der eit par gonger, men der fins andre stader eg heller vil klatre i stige. Ja, eg må setje ikkje opp men ned stige for å kome til botnar i cisternen. Sidan sist eg var nede der, har eg gløymt å slå av fleire gonger brønnpumpa, og vatnet som jo tek enklaste veg, rann  sjølvsagt ned der vegen var kortast. 10 - 12 kubikk med vatn vart det før den gløymste oppdaga det. Lensepumpe måtte  til for å tømme. At det kostar å gløyme er vel noko mange kan skrive under på. Samstundes viste det seg at denne lensepumpa er til stor nytte når dei 26000 litrane med vatn i plaskebassenget skal tømast. Går meir enn dobbelt så fort som tømming etter hevertprinsippet.
Dette skapet kan vera nøkkelen for å løyse problemet. Saman med nivåbrytar skal dt styre straumen av vatn frå brønnen og inn i dagtanken. På gitt nivå når vatnet det minkar skal automatikk sørge for ny oppstart av brønnpumpe.
                                             
 
Det er trist å sjå slike tomme marker midt inne mellom dei andre olivenlundane. Plantesjukdommen Xylella går hardt utover århundregamle tre. Tek lite omsyn til alder og verdighet kan du sei. Dei som driv i stort, slik som eigarane her, har leigd maskiner og mannskap for å fjerne alt det gamle, rubbel og bit. Så er det slik at det fins sortar av oliventre som tåler sjukdommen betre. Då eg reiste heim stod det nyplanta ungtrea på rekke og rad. Går nok nokre år før det kjem avling på dei.

Merkelig å reise frå Brindisi seint på kvelden. Denne gongen passa det slik for å få låg nok pris.
Ikkje alltid ein får slik utsikt frå rommet ein leiger for å få seg kvile. Men på Capsule Hotel Flughafen Zürich, der fekk auga kvila på majestetisk fjell.

Det vart god nok plass for store meg, men rommet var absolutt einmanns. Ville ein stå oppreist måtte ein krype ut gjennom luka. Heile arrangementet minner om dei murveggene ein finn på nokre italienske gravplasser. Hol i veggen der kister kan skyvas inn. 
På hotellet var det enklare med retur. Der var heller ikkje pynta med minneplater og blomar på dører som er lukka nærmast for godt.
                           


Kjendest mest som å koma heim når flyet frå Zürich la kursen mot Flesland like over Perlå i Ryfylke. Judaberg heilt tydeleg. Endå til Fåholmen, der far i sin ungdoms vår saman med kameratar dreiv oppdrett av kaninar i ganske stor målestokk.
Ein liten svipp om Flesland. Bytte av fly frå Widerø og så stod bare den korte turen mellom Bergen og Stavanger att.


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar