Translate

mandag 22. august 2022

Få gang på det, det er nå det er sommar

Då me reiste frå huset vårt i Latiano sist, visste me lite om kva tid me kom til å fare nedover att. Rettnok hadde me returbillett 10.mai, men den vart fort endra til 27.august. Då rekna me med at heiteste delen av sommaren var over. Det har vore varmt, men ikkje verre enn i fjor sommar trur eg.  
Så hadde det seg slik at ein liten krabat ved namn Hasse, vårt barnebarn nummer 2 skal berast til dåp den 28.aug og då må jo farmor og farfar vera med. Ny kontakt med flyselskapet, og der fekk eg visst rota det skikkeleg til. Når son Helge overtok kontakten med helpdesk var dei enormt mykje meir imøtekommende enn då eg ringte. Eg vel å tru personen i andre enden hadde ein dårlig dag då eg tok kontakt. Kan godt vera personen i andre enden tenkte det var eg som var urimelig og vrang og hadde ein dårlig dag. Samma hur: onsdag 31. tek me ut med morgonfly klokka 06:00 frå Sola via København og Zürich til Brindisi. Veldig kort transitt i Zürich,  men det går sikkert godt. Viss ikkje kjem me oss nok med eit  seinare fly den dagen. Med  avgang frå Sola 06:00 bør me vel vera der seinast 04:30. Spørs kven som skal få æra av å kjøra oss?
Besøk er alltid gildt å få. Dette året er det Aasa og Mons Tore som kjem og held oss med selskap der ute på campagnaen. Det skal nok bli råd med litt turar rundt omkring. Det som så langt er sikkert er ei natt i Matera. Spesiell by, mellom dei tre eldste i verda. Då byen vart brukt som location for innspeling av filmen Passion of Christ, så var det bare nødvendig å fjerne bilar i gatene og kle folk om til tidsrette klede.
Elles er lista lang som bare det på ting det er verdt å sjå. Likørsmaking hos Livar og Sofie må dessverre gå ut. 
På lista vår har me Samare og La Silvana
Matkunst av klasse begge stader. 

Meggi og Pascalone treng knapt nemnast. Besøk der er nesten som å kome heim i stova til gode venner,  med den forskjell at der får ein biff grilla av 
"il Re della carne alla griglia". 
Det er alltid eit spørsmål korleis tilstanden i huset er når det er ei tid sidan me sist var der. VigilNova er jo raskt på plass om noko skjer, og det har me jo erfaringar med. Fukt og eventuelle firbeinte gjester i huset trur me me har funne rette rådegjerder mot. Hadi, "attpåklatten" vår, hadde ikkje i oppdrag å inspisere då har kjørte sørover i lag med eit par kameratar tidlegare nå sommar. Men han er sistemann som har vore inne i huset, og der såg alt ut som det skal, kaotisk. 
Hadi kjørte sørover, og eg er ikkje anna enn imponert. Dei tre karane fekk seg hotell midt i sentrum av Roma, og i ungdommelig mot kom dei seg vel inn i byen og vel ut også. Eg snakka med han då dei akkurat hadde kome seg inn til sentrum: Det var heilt forferdelig sa han då. Ikkje om eg hadde gjentatt den bedriften. Roma må vera ein av dei verste byane i Europa å kjøra i. Kjørekultur kan det forresten seiast mykje om. Der i sør kor me held til, syns eg det går ganske så godt. Det går fort, men samstundes syns eg folk tek bare meir hensyn der enn her i Stavangerområdet. Ser ut som folk les kvarandre på ein annan måte der enn her, og handlar utfrå det dei ser andre gjer i trafikken.

1 kommentar:

  1. "Likørsmaking hos Livar og Sofie må dessverre gå ut." Det er vel ikke heilt utelukka, i alle fall ikke for eiere av Villa Felizia. Om Ueland/Braut er til stede samtidig med undertegnede vet ikke jeg.

    SvarSlett