Translate

mandag 30. oktober 2023

Så va d på an igjen

Langt der sør i Puglia i sørlige Italia ligg plassen me har blitt så glade i. 6 veker i mai juni og 6 veker i september oktober blir litt lite. Kjøring med bil fungerer fint når opphaldet går over fleire veker. Me treng minst 3 dagar kvar veg, så då er ikkje eigentransport veldig aktuelt for kortare opphald.


Kan aldri bli feil med frukost ute sist i november.
80 år fyller ein bare ein gong, så skal me til Silvana får me finne ein annan grunn og etter å ha vore der ein del gonger, ser me at det er ikkje vanskelig å finne grunnar for nye besøk.


I fjor hadde me eit par vekers opphald i overgangen november - desember. Det kan vera ei rettelig fin tid, under oliventrea spirer det grønt som skulle det vera vår her heime. Temperaturen kan og vera bra om me er heldige. 

Når du har gjort noko ein gong, og gjentek eit år seinare, då er det vel like før det har blitt ein vane.

Me sat her ein kveld og Anne Marie meinte ryggen min ikkje tålte ein ny juletur dette året. Men det skulle ho aldri ha sagt, eg fekk det travelt med å argumentere for at ryggen i allefall ikkje skulle ha skuld for å stoppe evt. reise til Villa Felizia. Mindre enn ei veke etterpå var Lufthansa klar med tur/retur billett Sola - Roma. Rett i underkant av kr 3400 for begge to, det må vel seiast å vere brukbar pris. Rettnok med bare 8 kg bagasje, men såpass klede ligg det i huset at det blir ikkje vanskelig å få til. I Roma skal det stå klar ein leigebil som tek oss dei 55 mila til målet. Ikkje dyr den heller, 900 for 2 veker. Me kjem til Roma rundt 18, og då rullar me eit stykke sør før me etter eit par timar tek ei overnatting.

Dette blir gildt trur me. Blir ikkje direkte reprise, frå i fjor, i mai juni eller september oktober, men stemninga og opplevingane kjem nok til å likna.








Her tok damene styringa på menyen.
Og mennene let seg hersa med som vanlig.
Me er svært glade for endelig å ha fått bougainvilleaen til å slå rot. Den har overlevd to somrar, og då trur me rotsystemet er nok utvikla til at den klarer seg. Fargeprakt som dette er eg redd for me ikkje får oppleve på tomta vår, men  i løpet av nokre år kan me kanskje få med oss litt litt farge på busken. Eg trur forresten ikkje det er ordinære blomar som byr på den intense fargeprakt. Antakelig er det meir slik som med julestjerner, at det er dei øvste blada som ber fargen og så er blomen heller liten og unnselig.
Det er vel ikkje denne me kjem til å sjå mykje av. Kvar årstid har sine fargar, kva farge som dominerer i grøftekantane no veit eg ikkje heilt, men kanskje alpefiolane blomstrar.


1 kommentar:

  1. Thanks for being a reliable and insightful blogger. Your post was fantastic.

    SvarSlett