Translate

søndag 1. oktober 2023

Endå meir mat

Ein av stadene me har lært å kjenna i matveien er La Silvana på Selva di Fasano. Det er Signe og Gaute som viser veg, så langt har me ikkje fulgt med heilt inn på kjøkkenet. Likefullt koselig å bli møtt av Aldo med eit velkommen til Cinquecento, det er navnet eg har fått.
Han synes nok eg blir i største laget, men anna er jo ikkje å venta når han serverer slik framifrå matkunst. 
Sidan sist har dei pussa opp lokalet. Gulvflisene frå gammalt har fått bestemme både trekk på stoler og farge på deler av servicet.
Men det er maten som er hovudsak.
Signes søster og svoger var med til La Silvana denne dagen. Dei hadde med laks  heimerøykt frå Norge. Råstoff for fleire småretter.
Utrulig så godt det kan bli med enkle råvarer. Tynne skiver av gresskar med frityrrøre og ein liten tur i frityrgryta. Ikkje vanskelig å opne kjeften for slik spise.
Steikte oliven smakar også godt, sjølv for meg som etter andres utsegn blir blir meir og meir vanne etter som åra går.
Mille foglie, tusen lag butterdeig var god basis for den langvegsfarande laksen. Litt heimelaga ferskost på toppen  gjorde ikkje skam på salmone di norvegese.
Carpaccio. Løvtynne skiver av kalv med rå steinsopp som garnityr.
Panzerotti blir fort veldig mektig. Liknar på pizzadeig, men samanbretta med ost og ørlite tomat inni.
Der kom primi, pasta al dente sjølvsagt, med skikkelig smakfull saus på grønnsakbasis. Kunne etter mitt pastavit stått på eigne bein som hovudrett. Det heile servert på dei nye fargeavstemte tallerkane.
Før avsluttande dessert fekk me gryte med kanin. Denne hadde godtgjort seg lenge. Kjøtet var godt, potetene endå betre og stuffingen heilt suveren. Sausen eller krafta tok smak av det gode som var oppi keramikkgryta. Slik mat kunne eg ha ete meir av, definitivt.
Ostekake til dessert. Flott avrunding av timar rundt bordet.

Me har vore heldige som gjennom Signe og Gaute har blitt introdusert for denne plassen. 

Hit vil me tilbake, utan tvil.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar