Translate

tirsdag 17. oktober 2023

Frå 3 til 5 dagar

Turen gjennom Europa vart lenger enn normalt, i allefall i tid. Med ryggen min som ikkje ville samarbeide, det vil den forresten ikkje nå heller, så bestemte me oss for kortare dagsetappar. 900 km pr dag betyr bare ein ting, du sit nokså fast i bilsetet heile dagen. Me tok avgarde eit par dagar før planlagt, og fekk slik redusert tida i bilsetet til den tida det tek å kjøre mellom 500 og 600 km pr dag. Men slik sett fekk me nå oppleve litt meir enn vanlig på turen heimover. Første stopp var i Martinsicuro, like nord for Pescara. Hotel Corallo tok oss vel imot, og hadde eg vore i bademodus, var det ikkje meir enn hundre meter ned til stranda. 

Mat må me har, og samarbeidande restaurant hadde rikelig å by på.





Mengder med mat, og mengder med religiøs symbolikk. 
Neste dag fekk me eit lite fotbad først i vatn som absolutt heldt god nok temperatur for heil neddukking, men det vart med føtene.
Affi vart neste stopp. Der har me funne slik fin ein plass på Locanda Ca'Orsa. Lorenzo tok oss i mot med kvar sin cappucino, han presiserte at det var cappucino han serverte oss.

Litt utpå ettermiddagen dukka gliset frå Sandnes opp. Lill Karin og Gaute var i modus for raskare kjøring, i allefall fram til verkstad Regensburg i Tyskland. Den 30 år gamle stoltheten skulle få pleie av beste merke på Toyotaverkstad før vidare reise til Sandnes.
Som om cappucino som velkomstdrink på ettermiddagen ikkje var nok, så trur du ikkje verten stilte med grappa til frukost. 
Me har eit utal av gonger fore frå nord til sør eller frå sør til nord på austsida av  fjella mellom A22 og Gardasjøen. Nå som me hadde litt god tid hadde me oss ein liten svipp nedom, og fint var det. Ikkje så mange meter gåing for min del, men ein ser då litt frå bilen og. 


Det fins så mange former for romantikk. Gaute tok oppatt eit tema frå mange år tilbake i tid då han skaffa seg ein Camry på 30 år.
Eg blir stadig varm om hjartet ved synet av slike som denne. Kjem nok aldri til å verkeliggjere draumen for eigen del, men det er jo litt moro med Tor Sveinung som har tatt opp draumen frå barndommen sin. Snart får den plass i garasjen her til gards, og vil me ha ein kaffitur, ja så treng me ikkje så langt avgarde.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar