Translate

mandag 27. november 2023

Godt å kome seg avgarde

                                      

Tre dagar på motorveg vart denne gongen gjort om til 6 timar med fly + 6 timar med bil.

Med fly kjem du jo fort til målet, men eg er nå gal nok til at eg synes bil er vel så godt. 
Tenkte Opel Corsa ville vera bra bil då eg skulle bestille. Har jo hatt ein Corsa sjølv her, inntil den tok kvelden på motorveg sør i Calabria i møte med ein stålkile.
Har ikkje det eg hugsar tidlegare leigt ein så herpa bil, men den er grundig fotografert med unntak av undersida, så eg reknar med å sleppe å betale for alle skadene som alt er på bilen. Fekk papir med markering av kvar skade, så dei store diskusjonane slepp me vel unna vil eg tru. Så får me gjera vårt beste for ikkje å "pynte" bilen endå meir.
Ikkje stod me tidleg opp, ikkje tok reisa til Roma spesielt mange timar, men å kjøre på direkten frå Roma rundt klokka 7 på kvelden for å leggje bak seg 55 mil, det er meir enn me er mota på.  Me hadde alt funne ein  plass for overnatting bare halvannan times kjøring frå Fiumicino. I Aquino enda me opp så tett mot motorvegen som vel mulig. Frå badet vårt trur eg knapt det kan ha vore meir enn 20 m til kanten av næraste kjørebane. Støygjerder tok av mykje, plassering av soverom på kanten vekk frå vegen gjorde saman nok til at det faktisk var heilt stille der me sov.  Absolutt ingen støy frå biltrafikk og motorvegen der er ein ganske så trafikert veg.

Om alt med granat i seg hadde vore like fredelig som granateple, hadde verda vore ein betre stad for alle.
                                     
Me kom vel fram onsdag kveld og etter ei natts svevn var me klar for utefrukost
Omgjevne av blomsterprakt heilt annleis enn i hagen heima på Vigrestad.


Denne kvite pelargoniaen har me fått av Lisa, ein av kontaktane Livar så rundhånda har delt med seg. Ho er heilt utrulig med blomar, eg har aldri sett make til hennes hage andre stader her i Puglia.
 
                                                 
Dei såg vel kor svoltne me var. Fekk litt å bita i, alt innhylla i tempura og steikt i olje. Ikkje nettopp slankande, men smakfullt er det i allefall.
Mat er så absolutt ein veldig viktig del av livet her sør. Det italienske kjøkkenet er bare fantastisk, set stor pris på det. Cavatelli in Crosta, sjømat steikt under eit lok av deig. Herlig.

Skal ein først feire noko er det fint å ha god plass rundt bordet. Me kom først denne kvelden. Iløpet av eit par timar var lokalet stappfullt. Endåtil kjendtfolk dukka opp på eit av naboborda. Linda og Jean frå Belgia, som me først møtte på Taverna di Pascalone hadde og trong for eit godt måltid mat.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar