Translate

torsdag 25. september 2014

Veggen vart vekke, eller var det motsatt?

Hadde det vore mogeleg skulle ein kanskje tatt det i denne rekkjefølgen. 


At dette ein gong har vore ein vegg ville vere å overdrive. Sanninga er at det har bare vore ca 1 cm av ein vegg, det vil seie ytterste laget. Det laget som er gjenstand for beundring, det som tek seg ut. Mest som sminke. Me veit jo at sminke kan gjere forskjell, men bare på det ytre. Kan vere vakkert, men kan og vere fælsleg. Det er det indre som tel. Han har nok vore uheldig med blandinga den dagen, han som pussa veggen, gode mannen som eigde huset her før oss.  Ingen herding av Intonaco og derigjennom heller ingen vedheft.


Arbeidsantrekk hakket meir enn fikenblad, som her er nok å ta av. I alle fasongar og storleikar, kunne tilfredsstilt mange ulike moteretningar med det rikhaldige utvalet av blad som er her på tomta. Litt mykje arbeid å rulle pusslaget av med malarrull. Gjekk noko hardare til verks då hammaren vart henta.


Med hjelp av Kärcher går alt så mykje betre. Her skal nok bli godt nok feste for ny puss skal du sjå.


Her er murt opp ein ekstra ytre vegg av Lecablokker med isolasjon mellom gammal og ny vegg. Italienske småhus frå 70 talet er nok ikkje av  dei mest isolerte du kan finna.

Til sist når Marco har gjort sitt, blir det truleg sjåande slik ut. Pedellparet i Ceglie er mangfaldige. Etter 7 år som semiitalienarar har dei opparbeidd seg ein stor krets av både venner og fok som kan gjera likt og ulikt av arbeid. Marco driv med mur, puss og fliser og eg reknar med at han kan kunsten å pusse ein vegg. 


Det er nok helst glassfiberarmeringa inni mellom to puss-lag som vil gjere susen.


Det viktigaste, vegg å pusse på er klar. 


Biletet lyg litt, det er ein flat vegg som krummar seg pga panoramafunksjon i mobilen

Då står det bare att å få ein dag og eit klokkeslett. Dei tre mila frå hit og opp til Ceglie er lange mil for ein innfødd. Marco ville helst bli henta og det skal eg sjølvsagt få til. Utan kart og utan gps. Han bur midt mellom Ånestad Dubland og Auglend, på grensa mellom Martina Franca og Ceglie Messapica. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar