Translate

søndag 21. september 2014

Kvifor jamrar du slik?

Men kjære vene vakre Opel, kvifor jamrar du slik når Meggie trør på bremsepedalen? 
Ho vil deg ingenting vondt og så kvin du slik til at ho kvepp. 

For ei dryg veke sidan då eg kom hit ned att, måtte me gjera litt om på henterutinane. Ankomst Brindisi kl 22:40 er jo midt i arbeidstida for dei som driv restaurant. Dei oppi Ceglie er jammen gode å ha. Eg vart henta på flyplassen og i Via Roma 82 Latiano vart eg sett av. Nøklar til Opelen fekk eg. Meggie hadde då alt gjort seg opp ei meining om at bremsene bør sjekkas. Ho sa ingenting då, men på torsdag då eg og Clemente (han som tek seg av oliventrea) var og åt hos henne og Pascalone, bar ho fram ein sterk uro på grunn av jamringa frå bremsene. 
På heimveg merka ikkje verken eg eller Clemente noko uregelmessig. Neste dag hadde eg eit ærend, og då høyrde eg "jamringa". 15 år eldre øyrer enn Meggie sine får nok ikkje så lett med seg dei høgfrekvente lydane. I morgon mandag er det tinga time for sjekk. I det høvet måtte eg til  å vaske. Ein tek ikkje til doktor heller før ein har fare over det grøvste med såpe og vatn. Spesielt bremseskivene framme vart godt spylte med så høgt trykk Kärcher kan levere. Hadde meg så ein tur til Brindisi på Betty's Cafe. Godt mat som vanleg og rett så mykje forvitneleg å sjå på der folk tek søndagspromenaden langs kaien. Nå var det bare godlåt frå Opelen. Kan det rett og slett ha vore noko så prosaisk som bremsestøv? Har erfaring frå tidlegare at det under gitte tilhøve kan lage ganske så mykje lyd for ikkje å seie ulyd.


Denne bloggen handlar ikkje bare om å gjere ting så fullkomne som dei faktisk er. Nei, her dukkar nå opp eitt og anna som ikkje plent er så lett å vite kva ein skal gjere med det.  Då eine veggen på huset vårt skulle vaskas før maling i sommar, smuldra store deler av overflata opp. Kanskje eg ikkje burde spyle med høgtrykksspylar har eg tenkt, men skitt la gå. Tåler ikkje pussen såpass, er det nok på tide å få den ned.



Det gjekk ganske heftig for seg som de kan sjå. Nå i veka då eg skulle rulle på murmalinga gjekk det endå meir opp for meg kor ille det er. Medan eg rulla, sette deler av pussen seg fast i malinga på rullen. Sjå bare for deg korleis ein sakte men sikkert rullar pussen av veggen. Godt alternativ til å skrape kanskje.



Eg har snakka med Guido for å få råd om kva eg kan gjere for å få pussen til å sitje. Kanskje han kunne skaffe folk som kunne pusse og, tenkte eg.
Eg vart invitert til å bli med for å sjå kva nokre tyskarar hadde gjort for å sleppe det med puss og maling.



Ikkje sikker på at dette blir heilt rett. Sett utanfrå var det ganske likt det her, men dobbelvegger med isolasjon i mellom trur eg ikkje der er her. Huset Guido viste, hadde nærast fått eitt nytt hus rundt heile det gamle.  Det må vel vera det eg vil kalle "overkill".

Får nok fram med meiselen. Deretter får eg prøve å få tak i stoff som forseglar og gjev feste for ny puss. Rett puss og arbeide først når det har kome skugge på veggen.  Det ligg an til svenneprøve i murpuss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar